Meiningar: – Strenge tiltak er naudsynt for å sikra kraftforsyninga og elektronisk kommunikasjon som samfunnskritisk infrastruktur, skriv Olav Linga, konsernsjef i Haugaland Kraft. Foto: Haugaland Kraft

Høg beredskap for å sikra straum og internett

Sikker straumforsyning og stabilt internett er avgjerande i krisesituasjonar. Haugaland Kraft har difor innført strenge beredskapstiltak som følgje av koronaviruset.

Kraftforsyning og elektroniske kommunikasjonstenester er blant dei 15 funksjonane som det nasjonale beredskapsutvalet vurderer som kritiske for samfunnet. Både sjukehus, legekontor og andre beredskapsfunksjonar er avhengige av straum og internett for å kunne behandla pasientar. Straum og internett er også viktig for kommunikasjon, lys og varme i dei tusen heimar, særleg no som mange sit i karantene, har heimekontor eller fjernundervisning som følgje av stengde skular.

Haugaland Kraft har ansvar for sikker straumforsyning og leverer fiber i vår region. Konsernet innførte strenge beredskapstiltak, allereie før regjeringa torsdag denne veka kom med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka me har sett i Noreg i fredstid.

Auka press på fibernettet

Som følgje av at mange er heime på dagtid, opplever me no om lag 30 prosent større trykk på fibernettet enn normalt. Fiberen vår er godt dimensjonert for å ta unna slika toppar, som me også opplever under store sportsarrangement og i feriar. Innbyggjarane har dermed ingen grunn til å vera uroa, men ekstra mykje trafikk kan føra til utfordringar med det trådlause nettet i heimar med mangelfull dekning eller utdaterte sendarar.

Les også
Regjeringa: Dette er den økonomiske krisepakken

Skulle situasjonen eskalera, har både fiber- og nettselskapet solide beredskapsplanar for ulike scenario framover. Nettselskapa og kraftprodusentane i Noreg er generelt godt førebudde til å handtera eventuelle krisesituasjonar. Dei har eit godt samarbeid på tvers og kan bistå kvarandre med personell og utstyr ved behov.

Skjermar nøkkelpersonell

For å redusera risikoen for at nøkkelpersonell blir sjuke, har me innført fleire tiltak den siste tida. I starten av mars skjerpa me inn tilgangen til navet i nettselskapet – driftssentralen. Driftssentralen i Haugesund er bemanna 24 timar i døgnet av kompetent mannskap som overvakar straumnettet. Når straumen går, er det driftssentralen som sender ut montørar og gir dei informasjonen dei treng for å fiksa feilen raskast mogleg.

Les også
Sjå lista over regjeringa sine drastiske korona-tiltak her

Også montørane våre er kritisk viktig personell. Me har ein stor montørstyrke og all drifting og vedlikehald av straumnettet og fibernettet går førebels som normalt. Montørane er derimot varsame i nærkontakt med kundar for å redusera smitterisikoen begge vegar. Arbeid relatert til straumnettet som ikkje er samfunnskritisk, som el-tilsyn i privatbustader og forbetringsprosjekt, er innstilt. Dersom det er behov for å dra inn i private heimar på grunn av fiberinstallasjonar eller straumbrot, skjer dette i dialog med kunden. Både private og bedrifter vil framleis få installert straum og lagt inn fiber til nybygg, men feilretting vil bli prioritert dersom situasjonen skulle tilspissa seg.

Må ta grep

Me jobbar for at du som fiber-, nett- eller straumkunde i minst mogleg grad skal leggja merke til beredskapstiltaka, men har valt å stengja dørene for besøkande på alle lokasjonane våre inntil vidare. Utover dette følgjer me pålegg og råd frå nasjonale styresmakter om utvida bruk av heimekontor, avlysing av fysiske møte og stopp i reiseverksemd, med mindre det er strengt nødvendig. Kundar som har spørsmål eller behov for hjelp kan som vanleg kontakta kundesenteret vårt via telefon eller nettside.

Strenge tiltak er naudsynt for å sikra kraftforsyninga og elektronisk kommunikasjon som samfunnskritisk infrastruktur. Me håpar alle forstår og vil bidra til den nasjonale og globale dugnaden som må til for å motkjempa denne pandemien.

Olav Linga,

Artikkelen held fram under annonsen.

konsernsjef i Haugaland Kraft