Terje Søviknes. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Høgre og Frp prioriterer Sunnhordland og E39 Hordfast

Vestland fylkeskommune si høyring av Nasjonal Transportplan 2022-33 vart prega av rot frå start til slutt. I løpet av nokre hektiske veker gjorde samarbeidspartia i fylkespolitikken, Ap, Sp, KrF, V, MDG og SV, fleire kuvendingar.

For fire år sidan var E39 Hordfast-prosjektet eitt av dei fire viktigaste prosjekta for oss her vest. NHO, LO og eit breitt fleirtall i fylkestinget stod bak prioriteringa. I høyringsrunden no i år fekk Arbeiderpartiet med seg Senterpartiet, Venstre og KrF på ein snuoperasjon der deler av partias eigne bakland vart viktigare enn å stå fast med tidlegare vedtak.

Ap, Sp, V og KrF sitt framlegg opnar opp for omkamp om trasévalet for fergefri E39 Stord-Bergen. Arbeiderpartiets eigen gruppeleiar, Anne Gine Hestetun svarte ikkje på kvifor strekninga Ådlandsveg-Svegatjørn ikkje kunne vere med i høyringsuttalen som før. Ho var meir oppteken av å svartmale Høgre og Frp for å ri prinsipp. Gruppeleiar for Sp, Aleksander Øren Heen, var tydelegare på at usemje om trasévalet i partiet var årsaka til at dei ikkje kunne kalla prosjektet korkje E39 Hordfast eller E39 Ådland-Svegatjørn.

Alle veit at omkampar er særs skadeleg for eit samferdsleprosjekt. Trasévalet for ferjefri E39 i Sunnhordland vart tatt av regjeringa allereie i 2013, og i fjor vart formell kommunedelplan for prosjektet vedtatt. No er ein i gang med detaljregulering, og ein omkamp på trasévalet ville satt prosjektet mange år tilbake i tid.

Det har vi ikkje råd til. Spesielt ikkje i ei tid der næringslivet i regionen og på heile Vestlandet står overfor store utfordringa. Næringslivet har i heile prosessen stått saman for ei raskast mogeleg realisering av E39 Hordfast. Det vil redusera transportkostnader, styrkja næringslivet si konkurranseevne og byggja saman bu- service- og arbeidsregionane mellom Bergen og Stavanger. Det handlar om framtidas verdiskapning og arbeidsplassar i regionen vår.

Om Ap, Sp, V og KrF verkeleg meinte at Hordfast-prosjektet var eit av dei viktigaste prosjekta for Vestland, ville dei ikkje nølt med å stemma for ei formulering som viste til allereie vedteken trase for E39 Ådland-Svegatjørn. Diverre stemte dei imot ei slik formulering i fylkestinget sist veke. Med det vinglar dei, og skaper utryggleik om støtta til ferjefri E39 her vest.

I denne prosessen har Høgre og Frp stått fast på det vi alltid har meint. Og det vi har lova våre velgjerar, både i program og i valkamp; - E39 Hordfast må realiserast raskast mogeleg.

Vonleg vil regjeringa og stortingsfleirtalet følgja dette opp i si handsaming av NTP 2022-33 neste vår. Både samferdselsminister Knut Arild Hareide og statsminister Erna Solberg har vore tydelege i sine prioriteringar. E39 Ådland-Svegatjørn er trass alt eit av landets mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt, og vil gje eit løft til både Sunnhordland, Vestlandet og Norge som nasjon. Det handlar om å investera for framtida!

Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar for Vestland Høgre

Terje Søviknes, gruppeleiar for Vestland Frp