Høgre og vindkraft

Liv Kari Eskeland og Torill Eidsheim er godt fornøgd med regjeringas forslag til ny politikk for vindkraftanlegg på land (Sunnhordland 19.10). Dei kritiserer Senterpartiet for å ha innført dagens system for konsesjonsbehandling. Eg har aldri lagt skjul på at Senterpartiet har styrt landet. Det er rett at for 12 år sidan foreslo den raudgrøne regjeringa å flytte vindkrafthandsaminga til energilova. Høgre støtta dette. Problemet er at Høgre også vil tvihalde på dette, sjølv om føresetnadene i vindkraftpolitikken har endra seg radikalt.

På tolv år har kostnadene ved å produsere vindkraft i Norge blitt redusert med nær 40 prosent. Endringar i avskrivingsreglane har auka lønnsemda. I tillegg er inntektsgrunnlaget auka, med høgare kraftprisar. Alt dette har ført til ein svært stor auke i meldingar og vindkraftsøknader. Per 1.april 2020 var det over 800 operative vindturbinar i Norge, fordelt på 42 vindkraftanlegg. I tillegg er 19 vindkraftanlegg under utbygging og 26 vindkraftanlegg med endeleg konsesjon som snart skal starte utbygging.

Les også
Uhøyrt om vindkraft

I tillegg til dette kjem alle dei søknadene som enno ikkje har fått konsesjon. Som i fjellheimen mellom Bergen og Sogn, der det føreligg planar for opp mot 750 vindturbinar. Dessutan er anlegga større. På tolv år er vindmøller blitt til store vindturbinar og vindmølleparkar til enorme vindindustrianlegg. I 2008 var ei vindturbin om lag 100 meter høg. No er dei gjerne 250 meter høge. Kvar turbin i dag krev ein oppstillingsplan på linje med ei halv fotballbane, og 800 meter tilførselsveg. Vindkraft på land krev i dag meir areal enn industri, byar og tettstader til saman.

Så kva snakkar vi om? Jau, eit enormt utbyggingspress og ei stor arealmessig nedbygging av natur og viktige friluftsområde. I dag sit vi også med svært mange og negative erfaringar med dagens konsesjonssystem. Både Eskeland og Eidsheim bør ha fått med seg at folk og folkevalde føler seg overkøyrde og overhøyrde i dette systemet. Planar for vindturbinar viser seg å vere mykje meir dominerande , ikkje minst høgare, når dei skal byggjast, enn når konsesjonen vart gitt. Dette vil Senterpartiet endre på.

Les også
Flau vind fra regjeringen

At Høgre tvilheld på dagens system, får vere deira sak. Men Eskeland og Eidsheim burde vore meir ærlege i sin argumentasjon når dei skriv at det gjennom prosessen skal vere mogleg å seie nei til etablering av vindkraftverk i eigen kommune. For Høgre seier jo bestemt nei til kommunalt veto. Altså kan kommunane få lov til å seie nei til vindkraft, men det er ikkje kommunen som skal få bestemme. Det er det NVE (Norges Vassdrags og Energidirektorat) og departementet som skal.

Utbyggjarane, oftast utanlandske, vil ikkje få krav til å utarbeide ein vanleg reguleringsplan eingong. Eg gjentek frå mitt fyrste innlegg: Får Høgre det slik dei vil, vil det vere strengare reglar for å etablere ballbingar i bustadområder enn å etablere vindturbinar i urørt natur. At Senterpartiet foreslår å gi kommunane vetorett i vindkraftsaker og at alle slike utbyggingar heretter må handsamast etter plan- og bygningslova for å sikre demokratisk kontroll, meiner Høgre er uhøyrt. Eg meiner det er klokt.

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet