Hordfast-aksjar

Bjørnafjorden kommune valde å selja aksjane sine i interesseselskapet Hordfast, då dei ikkje lenger støttar prosjektet med bru over Bjørnafjorden, men heller vil kjempa for ein indre trasé. Dei gjorde ein avtale med Naturvernforbundet, som skulle få kjøpa desse aksjane. Naturvernforbundet er imot denne «luftslottbrua» over Bjørnafjorden, og ville nytta aksjekjøpet til å fremja si sak frå innsida. Dette har no Stord og Tysnes kommunar blokkert. Dei har valt å bruka forkjøpsretten sin til desse aksjane, slik at Naturvernforbundet ikkje skulle få tak i dei.

REAGERER: Jan Hevrøy stussar over at Stord og Tysnes kommunar nytta seg over forkjøpsretten til å kjøpa Hordfast-aksjar. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen
Les også
Stord og Tysnes kjøper Hordfast-aksjar – og set kjeppar i hjula for Naturvernforbundet

Dette minnar om metodar som vart, og vert, nytta i gamle kommuniststatar. Opposisjonen må ikkje få høve til å seia noko. Dei må vekk. Opposisjonen/Naturvernforbundet skal ikkje få koma inn i Hordfast og leggja fram saka si der. For all del.

Bergen kommune har skjønt det. Dei vil ikkje ha E39 inn i Bergen. Bjørnafjorden kommune har òg skjønt det. Dei vil ikkje ha denne gigantbrua over fjorden.

Hordfast minner meir og meir om ein interesseorganisasjon for direktørar og politikarar, som har som hovudmål å koma raskast mogeleg frå Føyno til Flesland.

Jan Hevrøy, Stord