MOTSTANDAR: «Sjølv om Hordfast skulle bli med vidare i innstillinga til NTP frå Stortinget, betyr ikkje dette at prosjektet er vedteke», skriv Kjellbjørg Lunde. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Hordfast - framleis berre plan

Den 10. mars lekka sjølve statsministeren at to store og kostesame prosjekt her i Hordaland ville komme med i den nye Nasjonale transportplanen (NTP); Hordfast og veg og bane mellom Bergen og Voss. Planen som regjeringa skulle sende over til Stortinget før påske, er no lagt fram til behandling. Nokre er nøgde - andre er skuffa, slik det alltid er.

Det var som venta at Solberg la Hordfast inn i plandokumentet og synleggjorde dette med ein pengesum. Summen er på 1 milliard kroner av eit totalbudsjett som er rekna til nesten 40 milliardar. Eg vil tru at pådrivarane for prosjektet er skuffa over at det ikkje blei meir. No feirar dei med symbolsk spadestikk ved Jektevik, og uttalar seg som om prosjektet er vedteke.

Les også
Desse politikarane var så glade for Hordfast-pengar at dei tok med seg spade, vest og hjelm til Jektavik

NTP er eit plandokument, eit dokument for heile landet, som skal sjå ulike samferdslebehov og satsingar i samanheng. Vegprosjekta får oftast mest merksemd, men dette er eit strategisk dokument som skal sjå det heile; veg, bane, sjø, bybane, luftfart, kollektivtrafikk, ras- og trafikksikring med meir i ein samanheng. Og det skal prioriterast. Det siste er det vanskelegaste, ved sida av å kunne skaffe pengar til alt som blir lagt inn i planen. Og så har Stortinget vedteke ambisiøse klimamål, som får mykje å seie for prioriteringa i samferdslesektoren. Det er slik, også denne gongen, at planane og prioriteringane overgår det regjeringa viser til blir stilt til rådvelde for finansiering.

Regjeringa Solberg, med Frp som hadde samferdsleministeren, har lova langt meir enn dei har kunna halde, jf. tidlegare lovnader om Hordfast og Bergen – Voss. Det er mange årsaker til det, og ei er at prosjekta blir dyrare i planleggingsprosessen. Hordfast til dømes blei så dyr at statsministeren sjølv sette foten ned då prosjektet nærma seg 45 milliardar. No har Statens vegvesen regna seg ned til 36- 37, etter å ha brukt nesten 1,5 milliardar i planleggingsutgifter. Men få trur dette blir sluttsummen, om prosjektet nokon gong blir realisert. Kostnadane til slike prosjekt pleier vekse under vegs, og det er langt fram. For å lirke prosjektet fram, har regjeringa også auka eigenfinansieringa monaleg, slik at bompengeutgiftene blir enorme. Men det snakkar ikkje pådrivarane mykje om.

Les også
– Kan starta anleggsarbeidet i 2025

Eg møter mange som trur at Hordfast er vedteke, og at det difor ikkje er noko vits å kjempe mot, sjølv om ein aldri så mykje tykkjer dette er noko vi ikkje treng. Som ei skreiv til meg på nettet; « No må sjølv du forstå at du må gje deg!» Det er faktisk slik at det vi har av meiningsmålingar, viser at Hordfast er svært lågt prioritert.

Då Fylkestinget skulle gi prioriterte innspel til utarbeiding av NTP, var ikkje Hordfast med. Hareide hadde bedt om prioritering, ikkje urealistiske ynskjelister. Først etter at nokre pådrivarar frå Sunnhordland la breisida til, deriblant vår eigen ordførar, kom det inn nokre formuleringar om ferjefri kystveg.

Og no er dragkampen i full gang i Stortinget. Der veit alle at det er kommande regjeringar og nye stortingsfleirtal som får ansvaret for å få pengane til å strekket til. Og pengane trengst, ikkje berre til samferdsleprosjekt, men til alt det andre som også krev store løyvingar.

Les også
Lunde om Hordfast-realisering: – Eit musesteg på vegen

Kanskje har ein lært av tidlegare urealistiske lovnader og blitt meir nøkterne i denne omgangen? Og kanskje har dei alvorlege konsekvensane av nedbygging av naturen, minimeringa av naturmangfaldet, ansvaret for utryddingstrua biotopar, mellom anna vår unike regnskog på Reksteren og på Stord, gjort inntrykk? Dei alvorlege klimaendringane som tilseier mindre biltrafikk og ikkje langt meir, som Hordfast legg opp til, burde vege tungt i et overordna plandokument.

Sjølv om Hordfast skulle bli med vidare i innstillinga til NTP frå Stortinget, betyr ikkje dette at prosjektet er vedteke. Det blir det først når det er lagt fram som konkret sak og det er gjort fleirtalsvedtak i Stortinget, inkludert løyving. Fram til då vil det vere mange som vil engasjere seg for å hindre realiseringa av dette unødvendige, natur- og miljøskadelege- og enormt dyre prosjektet.

Les også
Øyvind Halleraker: – Det er ikkje så veldig lenge til Hordfast står ferdig

Eg trur at alle som er glade i naturen vår, i kultur- og kystlandskapet, og kan sjå for seg ein firefeltsveg tvers gjennom nærmiljøet vårt, vekksprengde åsar og nedbygging av store deler av skog- og kulturlandskap nordover mot Jektevik, vil vere interesserte i å seie frå kva dei meiner. Dersom ein ikkje gjer det, trur kanskje Halleraker-brødrene, Liv Kari Eskeland og ordføraren vår bl.a., at dei har folket på Stord med seg i synet på Hordfast? Noko eg tvilar sterkt på etter å ha jobba med saka i mange år. Eg er stadig optimist og trur at fornuft og ansvar for ei berekraftig framtid, vil vinne fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellbjørg Lunde