Sunnhordland må stå saman dersom me skal klara å bli høyrd – alt tyder på at det er viktigare enn nokon gong å tala med ei samla og tydeleg røyst no, skriv Erlend Kent. Arkivfoto: Anita Haugland

Hordfast: Heng saman, eller bli hengt

Til overrasking for mange sunnhordlendingar valde fleirtalet i fylkestinget i førre veke å prioritera Arna-Voss foran Hordfast. Dersom dette valet vert ståande har Sunnhordland hamna i ein alvorleg situasjon. Nær sagt alle i Sunnhordland er direkte eller indirekte avhengige av oljenæringa. Når denne næringa, uavhengig av korona, etter kvart skrur igjen investeringane er det lite som pr i dag har livets rett innan næringslivet i Sunnhordland generelt og på Stord spesielt. Dette har me visst om lenge, men dei fleste har då også stolt på at Statens vegvesen eller Nye Veier med Erna Solberg si velsigning skulle få på plass Hordfast og då spesielt bru over Bjørnafjorden.

Den solide teknologiske kompetansen ein finn i Sunnhordland kan og skal sjølvsagt nyttast i det grøne skiftet, men det skal svært mykje vindmøller til for å sysselsetje det som i dag er nokre tusen tilsette i oljenæringa lokalt. Med Hordfast vil det vera mogleg å bu i Sunnhordland og samstundes nå ein vesentleg større arbeidsmarknad på bergenssida. Dette vil demp dei negative effektane av at oljenæringa er på retrett og at fleire skal finna seg nye jobbar i nye næringar.

Det er fleire gode miljøargument mot Hordfast-prosjektet. Min påstand er at dei fleste av oss forstår at me om 10 år ikkje kan forvente at eigen bil er framkomstmiddelet ein nyttar til og frå jobb. Det er i alle tilfelle ikkje ein fossilbil. Eg trur også dei fleste av oss ikkje ynskjer å øydelegga vakker og sårbar natur. Men valet er i beste fall krevjande dersom alternativet er å stå igjen utan ein arbeidsplass.

I tillegg har kommunane rundt Bergen funne saman. Øygarden i vest, Alver i nord og Bjørnafjorden i sør. Lik det eller ei, men kjøttvekta betyr noko når ein skal nå fram med bodskapen i det nye Vestland. I Sogn og Fjordane, som me på fleire område burde kunne samanlikna oss med, jobbar dei strategisk og med tydelege stemmer. Og dei haustar av det. Sunnhordland må stå saman dersom me skal klara å bli høyrd – alt tyder på at det er viktigare enn nokon gong å tala med ei samla og tydeleg røyst no.

Erlend Kent

(Forfatteren av innlegget er leiar for Multiconsult avd Stord. Multiconsult sitt Oslo-kontor har vore med i tidlegfase-utgreiingar i Hordfast-prosjektet. Innlegget er skrive av underteikna som privatperson.)