Meiningar: Om vedtaket i fylkesutvalet vert ståande er det ikkje berre som å skyta seg i foten, men i hovudet, det har aldri vore smart, skriv Helge Singelstad. Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen

Hordfast, ikkje berre ei bru og ny veg, men naudsynt investering for å sikra sysselsetjing, busetnad og samvær i Vestland

I børsmelding frå Aker denne veka kan ein lesa om massive oppseiingar og full stopp i aktiviteten i fleire lokalsamfunn langs kysten. Børsmeldinga snakkar for seg sjølv, men likevel, det syner at det er alvor no. Dette er berre starten på tiår med nedgong, om me ikkje tek grep.

Eg vonar politikarane i Vestland skjønar at me treng infrastruktur som gjev aktivitet, kostnadseffektive løysingar som gjev naudsynt konkurransekraft, skapar utvegar for mobilitet og samvær dersom me skal lukkast i å oppretthalda busetnaden langs kysten av Noreg. Sysselsetjing er bærebjelken i samfunnet, mange kjenner enno uttrykket «lediggong er rota til alt vondt».

Skal me lukkast, lyt politisk leiing og næringsaktørar lytta til kvarandre, dra i same retning. Hugs, det er snart tretti år (rundt 1991/92) sidan me hadde lediggong. Då bygde politikarane Askøybru og Salhusbru (Nordhordlandsbrua), Trekantsambandet med meir! De hugsar kritikarane den gongen? Dei tok nesten livet av Vegsjefen. Tenk gjennom kva dei to bruene har tydd for Vestlandet. Mange i dagens politiske leiing har aldri opplevd anna enn medvind og «gratis lunchar». De finn sikkert ein og annan som vil at me skal riva ned bruene og bruka robåten, eg har robåt og veit difor korleis det ville gått!

No treng me at du, den ansvarlege delen av fylkespolitikarane, tek fram det aller beste i deg. No treng me at de ikkje let dykk styre av «rabulistar» og drøymarar, det er ikkje rom for det lenger. Me treng utvikling og politisk handlekraft, ikkje stagnasjon og «rugging i gyngestolar med nevane i fanget»! Du kan enno retta opp det famøse vedtaket i fylkesutvalet, stå på og nytt høvet til å skapa framtidsvon i Vestland! Komande generasjonar fortener den politiske klokskapen det krev å satsa på at Hordfast vert realisert no. Eg set mi lit til at de tek ansvar og let vitet råda, til slutt.

Til sist, vyrde fylkespolitikar, tenk gjennom kva dei brukar på kulturbygg, vegar, intercity og Stortings-garasje i Oslo-regionen, milliardane rullar fort der borte. Eg, og mange med meg, ber dykk no om å sikra at me får nokre småpengar også til samfunnet her vest. Dette er ikkje eit spørsmål om pengar, det er det einaste Noreg har nok av, no gjeld det at ikkje lokal «røre» gjer at alt skal gå til styrking av Oslo-regionen, men til byggjing av framtida, også på Vestlandet. Om vedtaket i fylkesutvalet vert ståande er det ikkje berre som å skyta seg i foten, men i hovudet, det har aldri vore smart.

Lukke til med avgjerda!

Helge Singelstad