MOTSTAND: Naturvernforbundet på Stord er sterkt kritisk til Hordfast-planane. Frå venstre: Jan Rabben, Inger Kristine Volden, Helene M. Hystad, Per Fadnes, Hallgeir Matre og Fred Ola Bjørnstad Foto: Privat

Hordfast – ingenting å vere stolt av!

I eit innlegg i Sunnhordland 02.11.20 blei den unike naturen vår omtalt som noko å vere stolt av. Seinare har me også sett at ordføraren vår er stolt – ikkje av naturen, men av kommunebudsjettet. Det er for så vidt greitt nok, men det er synd at perspektivet hos lokale politikarar ikkje strekkjer seg lenger enn til kortsiktige økonomiske interesser. Budsjett er som kjent forgjengelege, medan naturen har ein uendeleg verdi.

I NRK fekk me 31.10.20 vita at Statens vegvesen har gløymt å stipulera kor mykje karbon som blir frigjeve i form av CO₂ dersom myr og skog blir omgjort til motorveg i Hordfast-prosjektet. Klimarekneskapen har rakna fullstendig, og argumenta som står att, handlar no berre om innspart reisetid. Eigentleg er dette det einaste argumentet SVV har brukt når det gjeld samfunnsøkonomisk nytte. No er det også det einaste argumentet som står att.

Ei myr er som oftast 10.000 år gammal. I utgangspunktet var ho ei fordjuping i terrenget, som isen hadde late etter seg. Etter kvart blei denne fylt med vatn, og gjennom fleire tusen år blei ho så fylt med organisk materiale. Sidan vatnet er stilleståande, blir det oksygenfritt, og nedbrytinga stoppar meir eller mindre opp. Slik har enorme mengder organisk materiale blitt lagra sidan istida, og karbon blir regelrett pumpa frå atmosfæren og ned i myra.

I dag er myrane stort sett dekte av torvmose. Mosane har ikkje røter som høgare plantar, difor lever dei berre i det øvste laget. Dei underliggjande delane blir lagra som «dødt» karbon etter kvart som mosen veks i overflata og resten av han døyr. Difor fungerer myrane våre framleis, etter 10 000 år, som gigantiske karbonlager, og CO₂ blir framleis pumpa ned i dei. Blir dei øydelagde, til dømes ved utbygging, vil alt dette karbonet bli frigjort som CO₂ og forsterka drivhuseffekten.

Ved å ta prøvar av det godt bevarte materialet frå ulike djup i myrane, kan me få mykje informasjon om klimaet gjennom dei siste 10.000 åra. Særleg er pollen ofte i god forfatning. Gjennom pollenanalysar har ein til dømes fått stadfesta at breane våre ikkje er restar etter siste istid, men at dei vart nydanna for 5–6000 år sidan. Myrane fungerer med andre ord som ei historiebok. I tillegg til myrane er også skogane våre viktige karbonlager. I dei nordlege (boreale) skogane ligg mesteparten av karbonet lagra i jorda – i motsetnad til i dei tropiske regnskogane der nesten alt karbon er å finna i dei levande organismane.

Mange har sikkert gått på jakt etter matsopp om hausten. Fangsten består då berre av kortlevde fruktlekamar; det meste av soppen lever nede i jorda som eit tett nettverk av tynne sopptrådar (hyfer). I ei handfull skogsjord kan det vera fleire kilometer med sopptrådar. Dei aller fleste skogsoppar har eit samspel med trea i skogen gjennom såkalla sopprot (mycorrhiza). Sopptrådane trengjer inn i trerøtene, og det oppstår eit samarbeid der trea får eit kraftig utvida rotsystem, som dei er heilt avhengige av. Berre slik får dei tak i nok vatn og næringssalt. Som motyting får soppen sukker frå fotosyntesen i trea. Soppen, som i hovudsak består av karbon, pumpar rett og slett karbon frå atmosfæren og ned i jorda, der det blir lagra. Blir skogen hogd, og det blir gjort grunnarbeid, t.d. for å lage ein ny veg, blir dette karbonlageret sleppt ut i atmosfæren i form av CO₂.

Nedbygging av myr og skog er altså eit svært negativt bidrag til karbonrekneskapen. Dette kan konkretiserast matematisk og er ein viktig del av faktagrunnlaget som viser at Hordfast ikkje er berekraftig. Men karbonrekneskapen er berre ei side av saka. Tapet av biomangfald, som er den andre, er vanskelegare å setje ein verdi på som kan gå inn i Hordfast-rekneskapen. Dette tapet er minst like alvorleg som klimakrisa – eigentleg er desse problema to sider av same sak og kan ikkje handsamast uavhengig av kvarandre. FNs generalsekretær, António Guterres kom nyleg med kraftige åtvaringar i ein tale i New York: «Menneskeheten begår selvmord ved å svikte i kampen mot klimaendringene og fortsette å ødelegge naturen.» (BT. 05.12.2020). Naturen er det viktigaste forsvarsverket vårt mot framtidige klimaendringar, samanbrot i økosystema og verdsomspennande pandemiar. Det handlar om vår eiga overleving. Det er ikkje berre i Brasil det er viktig å bevare natur; det same gjeld overalt, også i Sunnhordland. Dette er diverre noko svært mange av våre eigne lokalpolitikarar ikkje ser ut til å forstå.

Hordfast-lobbyistane har heldigvis fått eit forklaringsproblem. Det som dei tidlegare marknadsførte som eit godt prosjekt for klimaet, er no blitt det motsette. Berre innspart reisetid står igjen som eit truverdig argument. Så spørst det om dei meiner at dette framleis er nok, sett opp mot dei dramatiske naturøydeleggingane og den negative klimaeffekten dette prosjektet medfører.

Det er viktig at folk i Sunnhordland no vaknar og seier meininga si om dette gigantiske samferdselsprosjektet. Sannsynlegvis er motstanden større enn det ein kan få inntrykk av i media. I nrk.no (30.11.20) får vi informasjon om Bjørg (79) på Tysnes som kan få ei gigantbru like ved huset sitt. Til og med folk som får veg og bru tett innpå seg og som naturleg nok er imot prosjektet, vegrar seg for å stå fram som motstandarar. Slik skal det ikkje vere.

Naturen må takast vare på både av omsyn til klima og naturmangfald. Dette gjeld som nemnt overalt, også hos oss. Også her skjer nedbygginga av natur bit for bit. Men det finst heldigvis motrøyster. I leiarartikkelen 10.12.20 tek BA opp Hordfast, og det kan vere på sin plass å avslutte med eit sitat derifrå: «Prosjekt og planar minner stadig meir om en parodi. I gamle dager var bibelhistorien om Babels tårn godt kjent, kanskje spesielt godt i alle bedehusene her i fylket. Alle som har lest sin bibel, vet hvordan det gikk».

Artikkelen held fram under annonsen.

Fred Ola Bjørnstad, Naturvernforbundet på Stord