KRITISK: Lesarbrevskribenten er svært kritisk til Hordfast og meiner alle signal peikar mot at indre trase er den beste. Foto: Statens vegvesen

Hordfast = milliardbløff x 3

Eg opplever ikkje at regjeringa slår på stortromma, men den mest slitne skarptromma som finst. Vi må ha med litt historikk:

– 2012 Stod Erna Solberg og Knut Arild Hareide i valkampen på Sandvikvåg ferjekai og lova oppstart Hordfast bygging i 2018.

– 2017 stod dei same personane på Perrongen i Arna og lova det same men at prosjektet var blitt for dyrt, ingen startdato.

– 2021 kjem same lovnad som i 2017 og 2012, nå på ein live stream. ingen startdato.

I 2011 viste Vegvesenets utredninger at Indre trasé E39 var sju milliardar kroner rimeligere enn Midtre trasé. I 2012 blei det presentert «nye berekningar» i tilleggs KVU 2012 som viste meir fordelaktige tal for Midtre trasé vs. Indre trase E39.

Dette er langt frå realiteten – det er faktisk ein tredobbelt milliard bløff!

Milliardbløff nr. 1

Midtre trasé krev ei flytebru over Bjørnafjorden. Den første milliard bløffen er at denne brua er ein trygg og god investering. For det første vil ei slik bru bli tre gonger så lang som Nordhordlandsbrua, som i dag er verdas lengste flytebru utan sideforankring.

Et slikt prosjekt krevst ukjent og uprøvd teknologi – og økonomisk sett er det svært usikkert. Det er ikkje rart at Vegvesenet sitt kostnadsoverslag er «pluss/minus 40 %». For å sei det på godt norsk: rein gjetting. Nye Veier, som er regjeringas eige «smarte» vegselskap, anbefaler å byggja. Hordfast via Fusa. Den lange brua over Bjørnafjorden blir for dyr, meiner selskapet.

Milliardbløff nr. 2

I 2011 var Indre trasé kostnadsrekna til ni milliardar kroner. Eitt år seinare i 2012 er prisen meir enn dobla til 19 milliardar. Vi vet jo alle at kostnader aukar kvart år på grunn av prisstiging, men det får da vere måte på!

(Alle dei 20 tunnellane som har vore med i siste kalkyle for det indre alternativet, må vera eit påfunn for å få dette alternativet like dyrt som flytebru alternativet. For Midtre trasé blir det oppgitt berre ein beskjeden auke: frå 16 til 19,3 milliarder i 2012. No står prisen til 37,7 milliardar. Så avgjerda på trase i 2013 var eigentleg 19,3 milliarder og prisen er ikkje det no, no er den 37,7 milliardar norske kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Milliardbløff nr. 3

Sjølv med ovennevnte triksing er tala for Indre trasé E39 betre enn for Midtre trasé. For å vinne avgjerdstakaranes gehør trengjer man noko meir. Ein kontroversiell rapport frå dr. Victor Norman m.fl. om «arbeidsmarkeds effekt» blir sitert ukritisk av Vegvesenet.

Korleis? «Midtre trasé vil gi ein arbeidsmarkeds effekt» som er 30 gonger høgare enn for Indre trasé.» Kvifor? «Fordi Midtre trasé er 15 minutt kortare enn Indre trasé.»

Normans rapport har blitt kraftig imøtegått av Telemarksforsking og andre fagmiljøer. På høfleg vis påpeiker de skjulte antakelser, kritiserer professoren sin metodikk og understrekar at man ikkje kan feste lit til konklusjonane. Stortinget og regjeringa bør ikkje la seg blende av løfter om uprøvd teknologi, skjulte antakelser og oppblåste «arbeidsmarkeds effektar».

Så løysinga på Ferjefri E39 for heile Norge:

Nye vegar As Innspill NTP 2022—2041

Nye Veier har også vurdert ein utbygging av E39 Stord i sitt innspill til NTP — samanheng med ein eventuell utbygging av ein ny høyhastighetsvei som forbind E134 til Bergen. Ein forbindelse frå E134 til Bergen vil ha store synergieffektar med ein indre E39 korridor. Den indre korridoren vil vere fordelaktig rent kostnadsmessig ein unngår utbygging av bru over Bjørnafjorden (kostnad tidlegare estimert til om lag 16,5 mrd. kroner). kroner. Basert på et grovt estimat legger Nye Veier til grunn at indre korridor E39 kan realiseres til ca. 30 mrd. kroner. 7 milliardar billigare ein midtre trasé som ligg i bordet no.

I NTP forslaget frå regjeringa er berre sett av 1 milliard kroner pluss bompengar til Hordfast dei neste seks åra. Regjeringa vil byrje med veg, bru og tunnel frå Stord til Tysnes, som er heilt i tråd med ferjefri E39 indre trase.

– Ja til Ferjefri E39 indre trase/indre korridor i lag med E134 blir 7 milliardar billigare å byggje og E134 vil og bli billigare å byggje så dette er vinn/vinn for begge prosjekt.

– Bjørnafjorden kommune vedtok april 2020 å si nei til den gigantiske Hordfast-brua. De ønsker heller ein ferjefri E39 med indre trasé.

– E134 er den stor vinnaren med 10,7 Milliardar i NTP.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle piler peiker mot Ferjefri Indre trase E39 i lag med E134.

Helge Andersen, Bjørnafjorden Senterparti