USIKKER: Kjellbjørg Lunde meiner det er feil å seia at traseval er avklart av Stortinget, slik mange politikarar har meint. Foto: Statens vegvesen

Hordfast - vedteke i Stortinget?

Pådrivarane for Hordfast over Bjørnefjorden snakkar som om prosjektet er vedteke av Stortinget.

Det har dei lukkast med å få mange til å tru. Men slik er det ikkje. Eit prosjekt må behandlast i eiga sak i Stortinget og pengar løyvd til oppstart, før ein kan seie at eit prosjekt er vedteke.

Sunnhordland skriv; «Vestland fylkesting oppretthald visjonen om ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen. Men uttalen nemner ikkje Hordfast med eit einaste ord.»

Dette resultatet har falle pådrivarane for prosjektet tungt for brystet.

Høgre og Frp sitt framlegg om at «vedteken trase mellom Ådland og Svegatjørn blir gjeldande» fall under voteringa. Sigbjørn Framnes seier til avisa : «Ironisk nok: Traseen, som inkluderer flytebru over Bjørnefjorden blei godkjent i Stortinget heilt tilbake i 2013. »

Og litt seinare i artikkelen blir det vist til H og Frp sin frustrasjon over at Hordfast risikerar å bli sett mange år tilbake; «til tross for at prosjektet er godkjent av Stortinget, og detaljplanlegginga er like rundt hjørna.»

Og i eit lesarinnlegg seier Per Jarle Valvatna m.f.l. : « For det første er traseen vedteken ,…..»

Alle som les dette må tru at det er gjort vedtak om at Hordfast skal byggast over Bjørnefjorden. Mange likar ikkje omkampar, og meinar at no må vi motstandarar gi oss.

Men kva er det pådrivarane for Hordfast viser til? Jau, det er behandlinga av Nasjonal transportplan og Innstil. 450 S. Det einaste som blei vedteke i samband med dette var:

«Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 vedlegges protokollen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er heilt vanleg i samband med behandling av meldingar til Stortinget. Det kan bli fremma forslag til votering, som regel frå opposisjonen, så også her, men alle bli nedstemt.

Det som då står igjen er kva dei ulike parti og fraksjonar meinar om saka. Signal som regjeringa som har fremma meldinga til debatt og ev. vedtak i Stortinget, kan ta med seg i det vidare arbeidet.

Men det er berre konkrete vedtak dei har plikt på seg til å fylgje opp. Og i eit plandokument, som NTP, er det planar og premissar som blir drøfta. Vedtak kjem seinare, og hittil har ikkje det skjedd når det gjeld Hordfast.

Fekk regjeringa klåre og eintydige råd frå Stortinget i 2013?

Tja? Eg har gått gjennom innstillinga på nytt, og ser at alle, inkludert SV, mitt parti, med ulike formuleringar, er positive til ein framtidig ferjefri E39.

Men elles er det ulike formuleringar om konseptval/trasevalet, der FrP eksplisitt peikar på bru over Bjørnefjorden, Høgre meinar at regjeringa snarast mogeleg må ta stilling til traseval og viser til tilrådingar frå underetatane, mens eit fleirtal, frå AP, H, SV, SP og KrF «slutter seg til regjeringens ambisjoner om å binde Vestlandet sammen gjennom en opprustet og ferjefri E39 innen 20 år. Flertallet forutsetter at planleggingen som settes i gang etter at regjeringen har vedtatt konseptval for KVU Aksdal- Bergen også omfatter utbedringer/ev. traseomlegginger på strekningen med spesielle utfordringer knyttet til fremkommelighet og trafikksikkerhet. Dette gjelder spesielt området rundt Leirvik på Stord».

Når pådrivarane for Hordfast over Bjørnefjorden viser til at trasevalet er gjort, er det på bakgrunn av at den første Solbergregjeringa bestemte seg, ikkje berre for at planlegginga skulle gå vidare etter midtre trase, men at konseptet skulle vere 4-feltsveg og 110km/t. Og ambisjonsnivået var oppstart 2017.

Med til historia er at opplegget frå den siste regjeringa Stoltenberg, med Liv Signe Navarsete som samferdsleminister, var eit langt mindre areal- og ressurskrevande prosjekt enn Solberg sitt. Det skulle vere to-feltsveg med midtdelar, trefelt til forbi- og avkøyring, og kostnadsrekna til 150 milliardar på heile strekninga, frå Rogaland til Trøndelag.

Så har åra og milliardane rulla, og då berekningane viste at dei var komne opp i 340, sa regjeringssjefen stopp. Ho samsnakka seg med leiaren frå Høgre i samferdslekomiten i Stortinget, og ambisjonsnivået for ferdigstilling av prosjekt ferjefri E39 er endra med eit par tiår i pluss.

Og no er vi igjen inne i ein ny prosess med rullering av Nasjonal Transportplan, sist i 2017 kom Hordfast med, men med oppstart i siste del av planperioden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir spanande å sjå korleis det no går med dette einskildprosjektet, til nærmare 40 milliardar kroner. Regjeringa legg fram sitt forslag på nyåret og Stortinget skal behandle saka våren 2021.

Men uansett; dette er berre eit plandokument, og vi har solid erfaring for at planar ikkje blir realiserte, av mange grunnar, både gode og dårlege. Ikkje minst er prosjektet Ferjefri kyststamveg ein illustrasjon på dette. Om Hordfast nokon gong kjem til realitetsbehandling, kan det vere eit heilt anna enn det dagens pådrivarar ser for seg.

I 2021 er det stortingsval. Ny politikarar kjem til, og ny regjering blir det kanskje også?

Ei djuptgripande økonomisk krise som fylgje av kovid 19- pandemien, låge oljeprisar og generell nedgang i verdsøkonomien vil bli krevjande for oss alle i åra framover.

Og politikarane må prioritere frå ein mindre pengebinge, og då blir det ikkje rom for alle dei store og kostesame samferdsleprosjekta det er planar for. Og her i Vestland sa eit fleirtal klart frå om kva som var viktigast, og der var ikkje Hordfast med.

Kjellbjørg Lunde