HORDFAST: – Det blir difor misvisande nå det no igjen blir påstått at den nye regjeringa har bestemt seg for å byggje brua, skriv Kjellbjørg Lunde. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Hordfastplanlegginga held fram

Den nye samferdsleministeren ser ikkje poeng med å legge fram ei ny sak, slik Erna Solberg fremma forslag om på tampen av sin regjeringsperiode. Ho ville at Stortinget skulle gripe inn i pågåande reguleringsplanarbeid, for å slå fast at ferjefri E39, Hordfast, skal gå over Bjørnefjorden.

Dette valkamputspelet måtte oppfattast på bakgrunn av veksande skepsis mot dette gigantprosjektet; kostnad, dimensjonering, natur- miljø og klimakonsekvensar, rekordhøge bompengar og stigande interesse for å sjå på andre alternativ. Men ikkje minst fordi politikarar i fylket og i kommunar, vil ha andre påkrevde samferdsletiltak høgare opp på prioriteringslista, m.a. rassikring, fylkesvegar, kollektivtrafikk, gang- og sykkelvegar, ny jernbanelinje og rassikker veg mellom Bergen og Voss. Til det treng ein titals milliardar, berre rassikringa av vegane i Vestland kjem på ca. 40 milliardar.

Ein av pådrivarane for Hordfast, Helge Andre Njåstad (Frp) tok opp behandlinga av dette forslaget i spørjetimen i Stortinget, (Jfr. Sunnhordland 29. okt.), og den nye samferdsleministeren svara som om han hadde tenkt å la forslaget gå til behandling no. Og Njåstad tok dette som stadfesting av at den nye regjeringa støttar Solberg-regjeringa sitt traseval; over Bjørnefjorden.

Les også
– Har rydda av vegen all usikkerheit om trase for Hordfast

Men så har statsråden/regjeringa ombestemt seg, ifølgje Bergens Tidende.

Solberg får likevel ikkje sitt merkverdige forslag til behandling i Stortinget, naturleg nok.

Også dette tek pådrivarane for Hordfast som stadfesting av at den nye regjeringa har bestemt seg.

Dette går inn i ein strategi som skal få folk til å tru at alt er avgjort, og at motstand er nyttelaust.

Langt derifrå!

Statsråden seier, som sjølvsagt er, at det ikkje er behov for å legge fram sak for å fortsette planarbeidet etter den førre regjeringa sitt opplegg. Dette er ei statleg reguleringsplan, basert på vedteken kommuneplan. I planarbeidet skal alle konsekvensar som følgjer av prosjektet dokumenterast, vurderast og liggje til grunn for det forslaget Statens vegvesen (SVV) sender over til direktoratet. Der gjer dei sine vurderingar og konkluderer, før tilrådinga kjem departementet i hende.

Dette kan ende opp med eit forslag om igangsetting og løyving av midlar, men det er resultatet av denne prosessen, med høyringar og ekstra kvalitetsvurdering, som til slutt blir lagt til grunn for regjeringa si vurdering og konklusjon. Det vil ta si tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir difor misvisande nå det no igjen blir påstått at den nye regjeringa har bestemt seg for å byggje brua.

Det veit vi faktisk ikkje før saka blir fremma for Stortinget, og naudsynte løyvingar gjort.

Kjellbjørg Lunde