HANSABAKKANE: – Stord kommune har for få år sidan vedtatt ein nullvisjon for omdisponering av matjord til andre føremål. Kan Hystadgardane bli bevart som matjord for kommande tider?, spør Anna Lise Sortland. Foto: Kjetil Østrem

Hystadgardane – jordvern

Nyleg har me lese i avisa Sunnhordland om utbyggingsplanar for Hystadgardane, eit av dei få grøne områda som finst att nær sentrum.

Korleis vil framtida bli? Me har opplevd ein utruleg velstandsvekst dei siste 60-70 åra. Men vil denne veksten halda fram? Mykje tyder på at det ikkje er berekraftig. Bønder advarar om framtidig matmangel, som følgje av internasjonale endringar og manglande eigne beredskapsplanar. Korleis skal ein vege vern av matjord mot bustadbygging? Er fleire bustader eit skrikande behov?

Les også
Strid om nærbutikk i den nye bydelen på Stord

På forskingsinstituttet Nibio sine nettsider les eg at det er berre 3 % att av dyrka areal i Norge. Stord kommune har for få år sidan vedtatt ein nullvisjon for omdisponering av matjord til andre føremål. Kan Hystadgardane bli bevart som matjord for kommande tider? Hystadgardane er truleg for lite til eit tradisjonelt gardsbruk. Men det finst mange andre modellar for kreativ bruk av jorda, til dømes andelslandbruk, parsellhagar, markedshage med meir.

Les også
Bustadleverandør møtte på synfaring: – Difor ønskjer me å byggja ut Hystadgardane

Andelslandbruk er ein veksande trend. I Norge er det no ca. 100 slike bruk, av varierande storleik. Nokre har 30-40 andelar og andre har mange hundre. På Stord-øya har me tre slike bruk: Lønning Lutlag, Gullberg grisekompani og Osterneset på Fitjar. Eg har hatt gleda av å delta på Lønning Lutlandbruk frå starten. Å dyrka i lag med andre byggjer fellesskap, det er eit læringsmiljø og gjev matauk til heimen. Siste året var me 34 familiar som deltok, på eit areal på ca. 2 mål. Me får nok grønnsaker til å dekka meir enn eit halvår av familien sitt behov.

Sjølvforsyningsgraden i Norge er no berre ca. 35 prosent. Det er altfor lite til å brødfø landet. Dersom import av mat på eit eller anna vis skulle bli hindra, vil det ikkje gå mange vekene før det ville merkast. Men det tar årevis å bygga opp sjølvforsyninga. Det er fleire og fleire som eksperimenterer med dyrking i eigen hage. Hagebrukaren er viktig for sjølvberginga, så vel som bonden.

Jordvern er ikkje lenger ei særinteresse for bønder, men ei samfunnssak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna Lise Sortland