Johannes Landmark. Foto: Henrik Mundal Andreassen

I Senterpartiet er det takhøgd og rausheit med omsyn til diskusjonar og meiningar

Freistnad på eit svar til Magne Misje.

Klimaomstilling i transportsektoren må byggje på prinsippet om at forureinar skal betala. Det er dette punktet fleirtalet i Senterpartiet sin programkomite har sett til sides. Og som Senterpartiet får mykje kritikk for. Eg høyrer sjølv til dei som er skuffa over at fleirtalet har vald ei anna formulering, då eg meiner som deg Magne, at forureinar skal betala, må vera eit berande prinsipp i norsk miljøpolitikk. Eg er langt frå åleine i Senterpartiet som meiner det. I programkomiteen er det fire som har tatt dissens på at dette ikkje er tatt med. Det er Terje Riis-Larsen, Bjørg Sandkjær, Torleik Svelle og Beate Marie Dahl Eide. Så kjenner du til at Sandra Borch og Ola Borten Moe også vil ha prinsippet om at forureinar skal betala, nedfelt i programmet. Det var ukjent for meg. Det eg derimot veit, er at Kjersti Toppe og Per Olaf Lundteigen er klare på at dette må inn i programmet (jf. NRK nyheiter 16. febr). Såleis viser dette at det er ingen i Senterpartiet som går «på gummisolar» med omsyn til å meina noko. Og som ein digresjon: Kven har vel opplevd dei to nemnde senterpartistane (Sandra Borch og Ola Borten Moe) «gå på gummisolar», eller setja lyset sitt under ei skjeppe av strategiske grunnar. Nei, Magne Misje, dette blir drøfta «oppad og nedad stolpe», og først når landsstyret har sitt møte i juni vil det endelege programmet bli vedteken.

Kva er det så striden dreier seg om? Som andre kap. i utkastet til Prinsipp og handlingsprogram, finn ein tittelen Klima. Effektive tiltak for å nå måla i Parisavtalen. Det byrjar med å ta for seg transportsektoren. Her finn ein at fleirtalet går inn for følgjande: Klimaavgifta i transportsektoren må innrettast på ein slik måte at de gir effektive klimakutt samtidig som de ikkje bidrar til økte sosiale forskjellar. Det er denne setninga mindretalet har tatt dissens på, og vil heller gå inn for setninga eg byrja med.

Les også
Senterpartiet - eit miljøparti?

Så skriv du at Trygve Slagsvold Vedum har drege i tvil om Senterpartiet i det heile skal følgja opp Paris-avtalen med 50 % kutt av CO₂ innan 2030, og at han i beste fall går halvhjarta og lite entusiastisk inn for den. Det som er sikkert er at Senterpartiet går heilhjarta inn for Parisavtalen i Prinsipp og handlingsprogrammet. Slik byrjar det ovanfor nemnde kap.: «Parisavtalen er den viktigste internasjonale avtalen verden har fått på plass i klimaarbeidet så langt. Avtalens mål om reduksjon av klimagassutslipp er det sentrale verktøyet for klimaomstilling både internasjonalt og i hvert av de land som er tilsluttet. Den bygger på de grunnleggende målsettingen om å begrense temperaturutviklingen til under 2 grader, og helst ikke mere enn 1,5 grad. Norge må følge opp sine forpliktelser i avtalen, øke sine egne klimaambisjoner og arbeide for å få andre land til å gjøre det samme. Alle sektorer i samfunnet må bidra og sørge for effektive klimakutt, samtidig som vi ikke skal innføre tiltak som kan flytte utslipp til andre land, eller som fører til større utslipp senere.»

Så får me jobba oss gjennom programutkastet på alle plan i partiet så godt som me er i stand til, og håpa og tru at etter landsmøtet ligg det føre eit program som er til det beste for landet vårt, også for klima og miljø, og som alle kan stå entusiastisk og heilhjarta bak. Det som er sikkert, er at i Senterpartiet er det takhøgd og rausheit med omsyn til diskusjonar og meiningar. Dei demokratiske prosessane står sterkt, og ein blir lytta til same kvar ein står i partiet.

Johannes Kristian Landmark