Kvifor låner kommunen bort store beløp til å drifta ein flyplass som få av oss har nytte av? Samstundes som gode for ungdom og eldre må fjernast på grunn av dårleg kommuneøkonomi.

Kven er dei som ynskjer å øydeleggja fin natur på øya, for ein firefelts veg? Vil nokon ta seg tid til å stoppa på Stord? Vil me få behalda lærarhøgskule og sjukehus?

Etter at eigedomsskatt vart innført, fekk kommunen inn fleire millionar ekstra. Likevel går kommunebudsjettet i minus kvart år. Kva er årsaka til det?

Har me for store lønsskilnader? Vert nokon betre høyrde enn andre?

Kvifor har me klasseskilje? Burde ikkje alle vera likestilte uavhengig av kva jobb dei har? Er me ikkje i saman og avhengig av kvarandre for å skapa eit godt samfunn?

Kvifor vert ikkje barne- og ungdomsarbeidarar nemnde i skuledebattar? Sanninga er at dei gjer ein uvurderleg jobb, saman med lærarane. Skulen treng dei meir enn nokon gong. Vert helsefagarbeidaren verdsett nok? Kanskje er det dei som spring, og utrettar mest for den enkelte?

På våre store anlegg er dei i kjeledress like viktige som dei på kontoret. Ingen hadde klart det dei skapar, utan kvarandre. «Du må bli til noko», høyrer dei unge. Er dei ikkje noko allereie? Jo, dei er mykje! Uavhengig om dei har gode eller dårlege karakterar frå skulen. Fleire har ei kjensle av mindreverd. Kvifor?

Dei som har levd eit langt liv og utretta mykje for menneske og samfunn. Dei som går i førevegen for deg og meg. Fortener dei ikkje å ha det godt? Dei fleste uroa seg for å bli gamle og koma på aldersheim. Er det helsa som bekymrar oss mest, eller er me mest redd for at ingen har tid til å ta hand om oss på ein god måte?

Godheit er det finaste me kan eiga. Det får me av å likestilla og sjå verdien i alle. Då får me ein god kommune å leva i.