Den er heldigvis lågare enn den var i 2023, og i åra før!

Ja, den er faktisk halvert.

I valkampen var valløfta mange frå fleire hald. Reduksjon i eigedomsskatten var eit krav me ikkje skulle vika på for oss i Fitjar Framstegsparti i forhandlingane etter kommunevalet i 2023. Samarbeidspartnarane våre i Høgre og INP delte synet på denne usosiale skatten, så her innfrir me saman. Ditt val betyr noko.

Eg er glad for at eg får vera ein del av fleirtalet saman med Høgre og INP i Fitjar kommune. Me er eit fleirtal som skal prioritera i lag, ta gode val, held valløfte og som no har halvert, og skal til slutt, fjerna eigedomsskatten på hus og hytter heilt frå 2026 i Fitjar kommune. Dette er eit viktig steg for å letta den økonomiske situasjonen for mange innbyggjarar i desse krevjande tidene me har no.

Det vert no snart slutt på at kommunen sender rekninga til innbyggjarane. Dette betyr også at me som politisk leiing må prioritere tydeleg i våre val for å nå dette målet saman framover. Me skal framleis levere i tenestene våre, og god økonomistyring er viktig!

Eigedomsskatten har vore ei utfordring for mange familiar og enkeltpersonar, spesielt dei med nykjøpte store hus, men også for andre med stram økonomi. Eg veit at denne reduksjonen vil gje dei meir rom i budsjetta sine og bidra til ein betre økonomisk situasjon i kvardagen. Dette er ekstra verdifullt i ei tid der prisane på det meste aukar og utgiftene er tunge for mange.

Med å fjerne eigedomsskatten heilt innan 2026, viser me at me som fleirtal tar ansvar for å letta den økonomiske byrda for innbyggjarane. Eg vonar at fitjarbuen ser verdien i denne avgjerda og støttar oss i det politisk viktige arbeidet i åra som kjem.

Me i Fitjar Framstegsparti sa i valkampen at skal du ha ei endring så må du stemme for endring. Me leverer på det.