Breivikjo, er ei svært viktig badestand på Rommetveit som no treng opprusting. I fjor haust tok Naturvernforbundet eit initiativ til synfaring i stranda. Her møtte representant frå Stord kommune, Sunnhordland Friluftsråd, Statsbygg/HVL og Naturvernforbundet på Stord.

Stranda er grønfarga i kommuneplanen, altså eit friluftsareal med eit kommunalt ansvar. Her er det lenge sidan det er gjort utbetringsarbeid, og i dag er stranda sterkt prega av erosjon og sjøen er i ferd med å få overtak. Det er rett og slett ei skam å sjå at den gamle muren ligg forvridd og trerøtene heng fritt. Store deler av oppmuringa er øydelagd og nokre stader er det berre vegitasjonen som held igjen for bølgeerosjon.

Sjølve stranda har fin sandgrunn og den kunne truleg blitt den flottaste i Stord kommune. På solrike sommardagar samlast folk her og nyt badelivet. Omgivnadene er dei aller beste med ein fantastisk skulehage, flotte naustrekker, molo med nytt stupebrett og ein nyrestaurert Klingenbergkai. Dessutan er det veldig kort veg til der folk bur.

No skal kommunen straks gå i gang med eit stort anleggsarbeid med ny pumpestasjon og murar langs sjøen. Då vert truleg ei stor avrenning frå landbruksområde også fanga opp. Den har gitt sterk algevekst i stranda som vender mot Klingenbergvegen. Denne saka har Naturvernforbundet gitt melding om til landsbrukskontoret med bilete, seinast i fjor sommar. Resten av stranda ligg det ikkje føre planar for, og det er trist.

Den gamle muren som skal hindra erosjon ligg uryddig i eit fantastisk kai, molo og naustmiljø. Ny pumpestasjon med fine murar vil heilt sikkert bli flotte. På synfaringa kom det framlegg om at det bør lagas ein tripptrapp mur frå pumpeanlegget og fram til fast fjell ved naustrekka. Ein tenkjer seg at det då vil vera råd å sitja på muren og at det er gangsti på toppen. Det vil gjera det lett å koma forbi ved flo sjø og bølger. Lengda på stranda er gode 100 meter.

Naturvernforbundet har vore i kontakt med grunneigarane og alle som grensar nærast til stranda, har vore positive. Dette arbeidet burde klart blitt gjort i samband med ny pumpestasjonen.

Å rusta opp Breivikjo vil gjera området til ein flott del av skuleparken. For folk som har bil, er det lett å parkera ved HVL på ettermiddagstid. Naturvernforbundet håpar at ordførar kan ta eit initiativ for å gjera Breivikjo til eitt av dei finaste friluftsområda me har i kommunen, tett på der folk bur. Det er mange som vil vera støttespelarar for eit slikt initiativ.