Vi skal byggja dette langstrekte og krokete landet, overvinna fjordar og fjell, med menneskeleg pågangsmot, teknikk og innovasjon. I kulde og uvêr er vi dømde til å bu i vinterlandet Norge – men vi skal stå saman vinter og vår, foreina alle krefter til felles velstand og framtid, vi skal byggja vegar, tunnelar og bruer. Vi skal samhandla og stå kvarandre nærme. Då vil sola skine for oss heile året rundt.

For ca. femten år sidan tok eg ferja frå Stord til Tysnes for å montera ei varmepumpe. Stemninga var lett ute hos kundane, men sidan eg hadde brukt litt lang tid på den relativt korte reisa til Tysnes – fall det naturleg ut av meg – kva tid brua som eg hadde høyrt snakk om skulle komme? Kundane, som var eit eldre ektepar, drog då muntert på smilebanda, kvinna kunne fortelje at ho hadde ein slektning som hadde fått seg jobb på ferja for 50 år sidan. Han hadde fått beskjed at jobben ville vera kortvarig – for det skulle snart komme ei bru …

Det er skapt ein illusjon om at dette pengesterke landet har dårleg råd og må velja mellom rassikring, liv og helse eller vidløftige luftslott i form av bru-prosjekt. Vi har pengar nok til begge deler. Alt er den beste investeringa for å sikra vidare velstandsutvikling for oss og for framtidige generasjonar. Ein kan ikkje berre sjå på ei bru som ein kostnad, meir-inntektene ei bru vil skapa vil etter nokre år overgå kostnadane og dessutan reduserte transportkostnader. Ja, som ei varmepumpe som tenar seg sjølv inn etter nokre år i form av sparte straumutgifter. Spesielt viktig er dette i dag då vi truleg går mot tider med liten økonomisk vekst i Europa som kan påverke Norge i same retning.

Ein kan heller ikkje forsvare vidare ferjedrift i staden for bruer i eit miljøperspektiv – då fire ferjer i kontinuerleg drift har tilsvarande CO2-utslepp som eit mellomstort gasskraftvekt på Mongstad. Dessutan vedtatt nedlagt av miljøomsyn i 2022. Så lenge ein brukar fossil gass er det med å bidra til global oppvarming. Om ein går over til biogass er miljøskaden rett nok minimal. Eller batteridrift som ferja over Langenuen nyttar.

Betong- og stålproduksjon til bruer er heller ikkje utan CO2-utslepp. Men dette er konstruksjonar som kan stå seg i hundre år utan å sleppa ut noko vidare forureining – utanom bilane som køyrer over.

I førre hundreår var det Amerikas største tid. Dei bygde jernbane på tvers av landet, legendariske vegar, ikoniske bruer, båtane gjekk på alle elvane - vassvegane. Dei erobra verda frå heimleg utbygging. Dette hundreåret står i Kina sitt teikn. I det stille har dei bygd ut landet sitt med høghastigheitstog, motorvegar og spektakulære bruer på kryss av landet. Snart strekkjer dei nye silkevegane seg inn i Europa. Ved Hongkong-halvøya har dei bygd Hongkong-Zhuhai-Macau-brua over Perleflodens delta, ferdigstilt i 2018. Brua er 55 km lang – omtrent like lang som brua over Bjørnafjorden ville blitt. Ja, det er mogeleg og ja, det er vakkert! Teikna og bygd i eitt med naturen.

Ei bru er som eit skip som fraktar folk, ei bru er identitet, eit landemerke, eit kunstverk og arbeidsplassar. Ei bru har sjel, Bjørnafjord-brua og Tysnes-brua er alt unnfanga og har etablert seg i vår bevisstheit – dei ventar berre på å bli født. Dette til glede for nokon, medan andre kan hende enno ikkje har sett verdiane av kva bru-prosjekta vil gje oss. Men er det nokon som har høyrt om ei bru som er bygd som ingen er glade i? Folk skriv songar om bruer! Ved eventuelle krigar er bruer som regel det viktigaste å forsvara. Dei er viktige for å transportera troppar, mat og utstyr. Ingen håpar på krig, men beredskapen må vera på plass. Størst nytte gjer bruene i fredstid då dei gjer oss rimelegare og raskare transport. Ei innsparing som etter kvart vil merkast på lommebøkene våre. Det offentlege vil få betre råd til sjukeheimsplassar og skular. Samt at folk har fridom til å busetje seg og å jobbe der dei sjølv vil.

Valet er vårt! Skal bruene bli på teiknebordet, eller ynskjer vi at sola skal skine over bruene og landet …