Årets 1. mai-aksjon er: Me står saman med folk i Palestina. Vår solidaritet med Palestina trengst meir enn nokosinne, og difor handlar årets 1. mai-kampanje om nettopp det.

Dei umenneskelege lidingane det palestinske folket no opplever er fortsettinga av ein 75 år lang Nakba/katastrofe. Våre kollegaer i Palestina fortel at dei aldri har opplevd noko som liknar situasjonen dei er i no. Gaza har blitt nærmast konstant bomba sidan 7. oktober 2023, og på Vestbredden har dei systematiske overgrepa og den vilkårlege valden forverra seg kraftig. Dette er ein menneskeskapt katastrofe.

Norsk Folkehjelp krev at folkeretten og menneskerettane skal overhaldast og respekterast.

Det betyr at vi seier klart og tydeleg ifrå om at: Okkupasjonen må opphøyra; blokaden må løftast; Palestina må anerkjennast som stat; Alle norske band til okkupasjonen må brytast.

Samstundes som våre partnarar støttar sine medmenneske i den akutte situasjonen etter 7. oktober, fortset dei den langvarige kampen mot okkupasjonsmakta. Mot murar som skil familiar, jord som vert annektert, busetnader som vert utvida, konstant trakassering og brot på folkeretten. Dei kjempar for kvinner og unge sine rettar, ytringsfridom og menneskerettar.

Alle kan bidra og hjelpa, både med å stilla opp bak parolane om Palestina på 1. mai-markeringa i heile landet, med å støtta årets 1. mai-aksjon og stilla seg bak krava frå Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp Sunnhordland startar dagen med tale ved Gruvearbeidar­monumentet i Parken på Litlabø, og så skal me holda internasjonal appell på 1. mai-markeringar på Stord, Bømlo, Tysnes, Husnes, Etne, og Odda. Me er kjempestolte over å kunna representera Norsk Folkehjelp og setja fokus på Palestina i alle desse kommunane.

Me håpar alle tar med familien og venner til markeringa av dagen, og støttar årets 1. mai-aksjon «Vi står saman med folk i Palestina».