År har gått sidan me her i Sunnhordland sist opplevde så store mengder med snø. Lågtrykka kjem tett, og snøen rekk ikkje å smelta før nye byer legg seg over himmelen. Fredag morgon blei det meldt om 38 centimeter snø på vêrstasjonen på Florida i Bergen. Ein må 14 år tilbake for å finna sist gong det var så store mengder der. Sjølv om dette er mykje for ein vestlending, er det langt frå rekordane. 24. januar i 1959 blei det målt 73 centimeter med snø på Stord. I mars i 1962 var den offisielle målinga 62 centimeter med snø - på Stord.

Dei siste dagane har styresmaktene bede folk her i vest om å tenkja seg om før dei set seg i bilen. Er denne køyreturen heilt nødvendig? Vidaregåande skular har hatt heimeundervising for å letta trykket på kollektivtransporten. Fotballklubbar har avlyst treningar, folk har stått på ski gjennom Borggata i Leirvik – eit svært sjeldan syn.

Sjølv om vinteren verkeleg har eit grep på oss no, lever me ganske normalt. Joda, me er stive i skuldra etter timar med snøskuffa. Men me kjem oss fram. Det skal me takka brøytemannskapa for. Dei siste dagane har Sunnhordland fått mange telefonar frå lesarar. Beskjeden er klar og tydeleg: «De må gje ein ros til alle dei som brøytar vegane.» Me kan lett stilla oss bak ei slik oppmoding.

Fredag fortalde me om Per Joar Myhre og faren Per Jørgen Myhre som har ansvaret for å rydda rode éin og to for snø. Rode éin og to betyr brøyterutene frå Stokken til Sagvåg og Litlabø, og til slutt Valvatna. Brøytemannskapa står opp lenge før oss andre for å klargjera vegane. Arbeidsdagane kan strekka seg over 10 timar. På dei andre rodene står andre innleigde brøytarar på, i tillegg til kommunen sine tilsette. På fylkesvegane og europavegen er det innleigde entreprenørar som står på i byene. Dei rekk ikkje over alt alltid, men vegane har stort sett vore køyrbare takk vera innsatsen frå mannskapa.

Å brøyta vegen er sjølvsagt viktig for at me alle skal komma oss til arbeid, barnehagar, skule, til butikken, fastlegen eller fritidsaktivitetar. Men det er først og fremst viktig for at blålysetatane skal komma seg fram når noko skjer.

No blir det endring. Laurdag ettermiddag sende Meteorologisk institutt ut fleire farevarsel. Fram til søndag ettermiddag blir det is på grunn av regn som frys på kald bakke og overgang til mildvêr. Søndagsturen med bil bør med andre ord utsetjast.

I starten av veka blir det svært mykje regn og opp mot liten storm utsette stader.

Då er snøen borte for denne gong, og brøytemannskapa kan ta seg ei svært fortent kvil.