«Torsdag var det styremøte i Helse Fonna. Helseføretaket går mot eit underskot på 170 millionar kroner i år, og tidlegare denne veka skreiv Sunnhordland at det er innført to konkrete strakstiltak for å bremsa underskotet.

Det eine tiltaket er tilsetjingsstopp for alt personell med unnatak av dei fem klinikkane, og det andre er reduksjon og/eller stans av bruk av innleigd personell og konsulentar.»

Sitatet er henta frå Sunnhordland torsdag.

Er det ikkje no tid for å revurdera om Helse Fonna er liv laga? HF er det einaste helseføretaket utan eit universitetssjukehus i sin midte. Dei fleste veit at utgiftene til eks antall direktørar, styre etc dreier seg om fleire titals millionar som kan brukast meir fornuftig.

Kvifor skal sjukehusa i Odda, Kvinnherad og Stord som tilhøyrer Vestland fylke vera med på å finansiera stadig nye utvidingar av Haugesund sjukehus, som tilhøyrer Rogaland?

Er det ikkje på tide å legga ned Helse Fonna, som etter mi meining ikkje er liv laga. Helse Fonna har vore ein verkebyll for alle og ikkje minst for sjukehusa som tilhøyrer Vestland. No må stat og fylke sjå at dette helseføretaket bør opphøyra. Det vil seia at Haugesund sjukehus vert lagt under Helse sørvest og sjukehusa i Sunnhordland, samt Odda, vert tilbakeført til Helse Vest, der dei høyrer heime.