Kommunedirektøren har lagt fram forslag til møtet i utval for oppvekst og kultur 21. mai om at Leirvik skule skal leggast ned. Vert dette vedteke vil det få store konsekvensar for skuleborna og foreldre deira i Leirvik skulekrins. Det vert hevda at Leirvik skule er ein nedsliten skule der det er nødvendig med store oppgraderingar og nybygg som vil krevja store løyvingar. For underteikna verkar dette som historielause argument frå kommune­administrasjon og ny politisk leiing.

Utval for oppvekst og kultur på synfaring på Leirvik skule denne veka. Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Dei siste 25-30 åra har det vert løyvd mangfoldige milionar kroner til oppgraderingar og nybygg på skulen. I byrjinga på 90-talet vart det installert ventilasjonsanlegg på heile byggningsmassen. I same periode vart formingsavdelinga ombygd og samla i areala under gymnastikksalen. Det same gjaldt ombygging av areal til arbeidsplassar for lærarane. I 1997 vart nybygget i høve reform 97 (6-åringane inn i skulen) teke i bruk. I 2003 vart nybygg med fem klasserom med grupperom, ny aula, ny administrasjon bygging av heis for rullestolbrukarar, og utviding av skulebiblioteket teke i bruk. Kort tid etter dette vart dei to eldste byggningane oversvømte av inntrengarar som hadde opna for vatn - totaløydelagde. Rennovering og innvendig totaloppbygging tok eit år.

2009 vart gymsal med garderobar og ventilasjonsanlegg rusta opp. Skulekjøkenet er også rusta opp og modernisert. Siste større renovering vart gjort tidleg på 2020-talet, då heile andreetasjen vart bygd om til ny administasjon, arbeidsrom for lærarane og nytt personalrom med garderobar og toalett. To klasserom måtte då byggast i brakkebygg på skuleplassen.

Slik Leirvik skule er etter desse mange investeringane, framstår den som eit pedagogisk og moderne skuleanlegg som etter underteikna sitt syn kan fungera mange år framover. Investeringar som må takast ved ei nedlegging av skulen og overføringar av elevane til Langeland og Hystad skular kan då brukast på Leirvik skule.