Stord Fitjar demensforening vil uttrykkja si bekymring for kuttforslaga innan helsesektoren i Stord kommune. Dette vil påverka både brukarar, tilsette og pårørande.

Dersom sjukeheimane mister aktivitøren vert desse oppgåvene overført til anna personell, dvs. fleire oppgåver på færre hender.

Aktivitøren bidreg til fysisk aktivitet, sosiale samankomstar og innhald i kvardagen, dette er viktig både fysisk og psykisk for bebuarane.

Inaktivitet fører til større uro, spesielt hos personar med demenssjukdom, noko som igjen krev meir personale.

Hugs at dette er heimen deira, ikkje berre ein stad å få mat og ei seng.

Å redusera antal sjukeheimsplassar er feil veg å gå. Det er allereie for få plassar i Stord kommune. Mange bur heime altfor lenge pga. dette, noko som ofte fører til sjukehusinnleggingar pga. fall eller at dei rett og slett ikkje klarar å ta vare på seg sjølv lenger.

Ferdigbehandla pasientar vert liggjande på sjukehus sidan kommunen ikkje har mogelegheit til å ta imot dei. Dette gir dagbøter som må betalast.

Å redusera sjukeheimsplassar vil òg gå ut over ei allereie hardt pressa heimebasert teneste. Brukarane deira vert stadig sjukare og treng meir og oftare hjelp.

Alt dette vil føra til auka rekrutteringsproblem og personalflukt.

Helsepersonell både på sjukeheimane og i heimebaserte tenester må få tid og anledning til å skapa tryggleik og møta brukarane på ein verdig måte.

Dette er spesielt viktig for personar med demens, som treng faste rutinar og helst fast personell.

Tillitskapande arbeidsmiljø er alfa og omega for å gje tryggleik til den som treng hjelp. Ikkje tidsbegrensingar og stadig fleire oppgaver.

Me treng folk på jobb i eldreomsorga som har gode fagkunnskapar og kjennskap til menneska dei jobbar med og for.

Me i Stord Fitjar demensforening både ser og vert kontakta av slitne og fortvila pårørande, som har strekt seg svært langt. Dei veit ikkje kor lenge dei klarer å fortsetja. Korleis skal dei klara å yta endå meir?

Hugs at det handlar om menneskeverd, både for brukarar av helsetenestene, personell og pårørande.

Me kan ikkje møta eit aukande hjelpebehov med nedskjeringar, nedskjeringar i eit budsjett handlar ikkje om kroner og øre, det handlar om menneske.