Kontaktutvalet for innvandrarar og flyktningar inviterte til ope møte for alle som er ramma av situasjonen i Midtausten på torsdag 23. november i rådhuset.

Hjarteleg takk til Bergen Moské som prioriterte å stilla opp på møte i Stord kommune til trass for kort varsel. Imamen var ei stor trøyst og støtte til alle som deltok på møtet, både muslimar og kristne. Alle til stades er svært urolege og bekymra for situasjonen i Midtausten, og mange er i sorg over drepne familiemedlemmer i Gaza.

Dei fleste går med tunge tankar, og lurer på korleis ein kan best bidra og hjelpa. Ein kan velja å gi direkte støtte til dei forskjellige hjelpeorganisasjonane i Gaza; å boikotta varer frå okkupert område; å visa solidaritet med å delta på demonstrasjonar og senda klare signal til styremakter nasjonalt og internasjonalt for å legga press på å stoppa bombinga, drap på sivile, blokaden, okkupasjonen og det me oppfattar som etnisk reinsing i Palestina; å dela på sosiale media informasjon frå internasjonale hjelpeorganisasjonar om den katastrofale inhumane situasjonen for over 2,3 millionar menneske som har vore under konstant bombing i 50 dagar i Gaza; å lesa andre kjelder for nyheiter og informasjon enn dei norske og vestlege nyheitskanalar; å skriva eigne meiningar eller dela andre sine meiningar som støttar varig våpenkvile, slutt på okkupasjonen, blokaden, apartheid og det me fryktar kan bli ei etnisk reinsing i Palestina.

Dei takka Stord kommune ved Kontaktutvalet for invitasjonen, og minner om at solidaritet med Ukraina i 2022 og 2023 var grenselause både på nasjonalt og lokalt nivå. Ukrainske flagg var symbolet på støtte og var heist overalt, til og med på 17. mai-feiring. Dei ber med dette at Stord kommune ved kommunestyret viser same symbolske støtte med å heisa palestinske flagg på rådhuset i Stord kommune.

Dei er også kjent med at Stord SV har sendt inn ein interpellasjon til kommunestyremøte 30. november om Gaza. Igjen er det viktig å minna på om det er einstemmig fordømming av Russland i Ukraina, og alle økonomiske sanksjonar mot Russland. Alle til stades på det opne møtet er invitert til å stilla i kommunestyremøtet og følgja med på diskusjonen rundt interpellasjonen. Me håpar at det blir fleirtal for å fordømma Israel sine brutale åtak og drap på sivile i Gaza, krev varig våpenkvile for å hindra humanitær katastrofe og ytterlegare tap av uskuldige menneskeliv, og sist – men ikkje – minst at Stord kommune vedtar å avstå frå å kjøpa varer og tenester frå, og å ha investeringar i, selskap som direkte eller indirekte medverkar til å oppretthalda ulovleg okkupasjon og blokade.

Underteikna, sjølv direkte ramma av situasjonen i Gaza, var einaste representant frå Stord kommune på møtet, både som kommunestyrerepresentant og leiar for kontaktutval for innvandrarar og flyktningar.