3. april melde helseminister Ingvild Kjerkol at ho i laupet av året vil leggja fram forslag til ny abortlov der ho, ikkje uventa, går inn for at kvinner skal ha rett til sjølvbestemt abort fram til veke 18.

I Politisk kvarter (NRK-radio) morgonen den 4. april sa ho i debatt med KrF-leiaren Olaug Bollestad, også at alle former for fosterdiagnostikk er av det gode, med den grunngjeving at nokre sjukdomar på fosteret no kan handsamast medisinsk ganske tidleg i fosterutviklinga.

Då står me i den høgst merkelege situasjonen at det ufødde barnet har fått rett til medisinsk hjelp ved sjukdom, men ikkje rett til å overleva sjølv om det er heilt friskt. Korleis kan norske politikarar (og for den saks skuld nordmenn flest) leva med ein slik inkonsekvens i lovverket? Kor er logikken her? Dersom eit ufødd barn har rett på helsehjelp, må det vel også ha rett til å overleva?