Eg viser til debattinnlegg i Haugesunds Avis, Sunnhordland og Stord24, der medarbeidarar på «Medisin 3» på Stord sjukehus er bekymra for akuttberedskapen ved sjukehuset.

Det treng dei ikkje vere. Akuttberedskapen ved Stord sjukehus er ikkje i fare.

Helse Vest har bede Helse Fonna om å auke aktiviteten innan spesialisert rehabilitering, noko som vil vere svært positivt for det sterke fagmiljøet på Stord sjukehus. Onsdag var det informasjonsmøte for medarbeidarane på Stord sjukehus. Då vart det orientert om tildeling av auka ramme og dei tilsette fekk høve til å komme med spørsmål og tilbakemeldingar. Mange møtte opp, og det var stort engasjement. Det er eg glad for.

Debattinnlegget kan gje eit inntrykk av at saka er avgjort. Det er ho ikkje. Det er nemleg no vi startar prosessen med korleis dette kan løysast innanfor praktiske og økonomiske rammer, og fagmiljøet på Stord vil sjølvsagt vere sentrale i å finne den beste løysinga på korleis vi best mogeleg kan leggje til rette for ei slik utviding. Det som er avgjort er at vi har fått ein auke i den økonomiske ramma for drifta knytt til spesialisert rehabilitering, og det er viktig å understreke at dette er ei solid satsing på tilbodet og fagmiljøet innanfor rehabilitering i Helse Fonna sin region.

Til dei konkrete spørsmåla som vert stilt, er svaret at den vidare innrettinga av tilbodet må finnast i godt samarbeid mellom fagmiljøa, dei tilsette, tillitsvalde og vernetenesta. Her må det vurderast kva som er forsvarleg og korleis vi kan innretta tilboda våre slik at vi nyttar knappe ressursar og kapasitet i helsetenestene våre best mogleg. Det som kan slåast fast her er at omsynet til pasientane alltid kjem først, og at Stord sjukehus skal ta imot slagpasientar som dei gjer i dag. Vidare kan det slåast fast at Helse Fonna er i ein svært krevjande økonomisk situasjon, inkludert ved Stord sjukehus (Somatikk Stord). Difor er det gledeleg at vi har blitt tilført ressursar som gjer oss høve til å byggje opp noko, heller enn å byggje ned tilbod, slik vi ser at dei må gjere i mange deler av tenesta over heile landet.

Det er mitt ønskje og von at denne moglegheita vil styrkje tilbodet og fagmiljøet på Stord sjukehus,  og eg vonar at dei dyktige fagpersonane og leiarane i føretaket vårt kjem fram til ei god og konstruktiv løysing, som vil komme pasientar, medarbeidarar og alle innbyggjarane til gode.