Me i Leirvik Mannskor vil takka alle som tok del i minnekonserten inne i kyrkja 8. mai.

Dette er andre året me skipar til denne høgtideleg avslutninga av frigjeringsdagen som alle må hegna om.

Eg trur alle fekk med seg eit minne for livet etter denne høgtidstunda med god korsong, solonummer av Ailin Sanden Nymark og Christine Lygre.

Arne Torget batt konserten fint i saman med fine dikt om fred og friheit som me aldri må mista.

Til sist vil me takka korgruppa frå Ukraina som deltok med vakker song, spesielt innøvd:

Namnet Jesus blekner aldri, ganske sterk tekst når ein veit kva heimlande deira slit med.

Då er det sterkt å stå fram med denne songen. (For det namn må hatet vike, for det namn må ondskap fly. Ved det navn skal rettferds rike skyte friske skudd på ny.)

Ukraina avslutta med sin nasjonalsong der alle i kyrkja reiste seg, det same også under vår nasjonalsong.

Til slutt vil me utfordra Sunnhordland sin representant om også ta del i minnekonserten inne i kyrkja til neste år. Det trur eg alle hadde satt pris på.

På vegne av Leirvik Mannskor,

Sigmund Kroka