Vi har no lese fleire innlegg der Høgre forsøkjer å skape ei forteljing om at den vidaregåande skulen i Vestland går feil veg, og bruker tal for kor mange som får oppfylt førsteønsket sitt på skule og utdanningsprogram som argument. Men, som vi har forsøkt å fortelje tidlegare: Silja Bjørkly og Høgre samanliknar eple og pærer.

Vi siterer Bjørkly sitt utgangspunkt ordrett frå det første innlegget hennar:

«Inntakstala for 2023 viser ein tydeleg nedgang i talet på elevar som får førstevalet sitt oppfylt etter førsteinntaket, frå 84,3 prosent i 2020 til 78 prosent i 2023».

Det er Bjørkly sjølv som vel å bruke talet for 3. inntaket i 2020, 84,3 prosent, og samanliknar dette med fyrsteinntaket i 2023, som er 77,9 prosent (78 prosent). Men desse tala kan ikkje samanliknast.

Ein må samanlikne 84,3 (før ny inntaksmodell) med auke til 85,9 i 2021 og 84,9 i 2022 (etter ny inntaksmodell). Skal vi derimot samanlikne 1. inntaket så må vi samanlikne 79,4 prosent, og som etter ny inntaksmodell stig (ja, aukar) til 80,4 prosent og 79,8 prosent, og så på 77,9 (78 prosent) i 2023.

Fleire får altså oppfylt førstevalet sitt i det vi innfører ny inntaksmodell. For å illustrere har vi lagt ved oversikta som blei presentert i opplæringsutvalet 31. august 2023.

Oversikta som blei presentert i opplæringsutvalet 31. august 2023. Foto: Vestland Fylkeskommune

Høgre må gjerne argumentere for den reine karakterbaserte inntaksmodellen deira, men ikkje bruk opptakstala som argument. For fleire får faktisk oppfylt ønske sitt om skule og utdanningsprogram etter ny inntaksmodell, ikkje færre.