Den påtenkte «Bygarasjen» på Leirvik var planlagd å hysa næringsareal, parkerings­plassar og kollektiv­terminal. Men når dette «luftslottet», som somme har kalla det, no ser ut til å forsvinna, skal ein tru bladet Sunnhordland sist fredag, er det vel lov å stilla nye spørsmål. Og då er det nærliggjande å spørja kva for eit av dei tre ovanfornemnde behova ein helst bør prioritera å bruka denne tomta til, sidan det påtenkte prosjektet no mest truleg kjem til å bli kraftig nedskalert.

Eg er ikkje bilist, men har likevel over lengre tid fått med meg at fleire parkerings­plassar er eit presserande behov i Leirvik sentrum. «Nedskaleringa av kollektiv­terminalen gjer at kommunen sit igjen med parkerings­utfordring» kan ein lesa i det same avisoppslaget. Den vil gå ut over parkerings­mogelegheitene til heimebaserte ternester, blant anna. Men det er fleire enn dei som treng plass til bilane sine. Så om ein reserverte Ritlandtomta til parkering, og bygde ein andre etasje over også, der fleire bilar kunne få plass, ville det vel monna noko. Skal «gamlebyen» Leirvik greia trekkja til seg fleire verksemder, trengst det òg fleire parkerings­plassar. Og så kan den noverande bussterminalen få lov til å liggja der han ligg, på kaien. For det er den beste og mest logiske staden å ha han, når ein tek omsyn til kva som er laglegast for dei som brukar buss. Og det er vel primært dei ein kollektivterminal skal vera til for, han skal ikkje vera eit prestisje­prosjekt for byen. Ein buss-stopp med skur ved Ritlandtomta, vis-a-vis stoppen ved Rådhuset, er det som trengst der. For når ein kjem inn til Leirvik med buss nordfrå, er det ingen stopp mellom Skrivargarden og terminalen på kaien. Det er fleire enn eg som saknar ein stopp til på den strekninga.

Eit lite venterom på kaien, der ein kan gå inn og varma seg når ein har handla det ein treng og har ei stund å venta på bussen, ville vera fint. Eit slikt bør det kunna finnast plass til på Sunnhordlandskaien. Jamvel på kaien på Hodnaneset, i Jektavik og ved busstoppen på Føyno er det nye, fine og oppvarma venterom no, men ikkje ved Leirvik terminal. Så her har den eit «etterslep» ... .