Gjennom ulike folkemøte i kommunen, har det denne hausten vore snakk om utvikling av Fitjar som kommune. Spørsmål som har vore diskutert er m.a. korleis ein skal gjera kommunen attraktiv for tilflytting. Møta har hatt ulik fokus; kultur og friluft, næringsutvikling, kystgardar, grendene, osb. Sjølv om hovudtanken bak dette arbeidet er rullering av kommunen sin arealdel, er det eitt viktig punkt som manglar på lista over møte – skulane i Fitjar. Dei disponerer og areal som er viktig i denne samanhengen.

Viss ein skal snakka om korleis ein skal få unge menneske og familiar til å flytta til bygda, er det viktig at me har ein god skule.

Me tenkjer i første omgang ikkje på om ein skal halda på grendeskulane eller ikkje. Me tenkjer på korleis me skal gjera bygda attraktiv gjennom profilering av ein kommune som gjer det «lille ekstra» for skulane sine.

Trendane i landet seier at det er høgare mobbetal enn tidlegare på skulane. Det er sjukemeldingar og færre søkjarar til lærarutdanninga, og det er fleire avvik med vald og krenkingar. Dette er ikkje unikt for Fitjar.

Kan kommunen vera med å snu dette?

Kan ein få ein skule som er unik, fordi kommunen vel å satsa meir på skulen?

Kan skulane i Fitjar få eit så godt omdømme at familiane flyttar til Fitjar nettopp på grunn av eit godt rykte? Kan unge menneske bli buande på Fitjar for å utdanna seg som lærarar, på grunn av Fitjar sine skular? Kan menneske flytta til Fitjar fordi dei vil jobba på skulane våre?

Kan skulane i Fitjar bli unike?

Dette var tankar som kom fram på årsmøtet i Utdanningsforbundet i Fitjar denne våren. Oppmodar politikarar og andre med avgjerdsmynde til å ta dette med seg i utarbeidinga av Fitjar inn i framtida.