Me veit kva me har, men me veit ikkje kva me vil få. Me er opptatt av store, stabile fellesordningar og innflytelse gjennom eigarskap og dessutan at all verdiskaping kjem kommunen til gode.

Pensjon er viktig for alle og ein kvar. Er du ung eller eldre må du tenkje på korleis pensjonen vil bli når den alderen nærmar seg. I Stord kommune har ein no valt å setja pensjonen ut på anbod.

Det er ikkje laga eit saksgrunnlag på kva dette vil seie for kommunen korkje når det gjeld pris, kvalitet eller service. Dette er Fagforbundet uroa over! Pensjonsleverandøren Stord kommune har i dag er KLP.

KLP er eigd av kommunane, og sidan ein er eigar går avkastinga og meirverdiar tilbake til kundane og eigarane i fellesskapet. Hos annan pensjonsleverandør som er privateigd vil me verta ein kunde, og private eigarar (aksjonærar) vil hauste av verdiskapinga/overskotet som skjer på kommunal tenestepensjon.

Med tanke på stabilitet, pensjonspremiemessig og tryggleik, er også størrelsen på kommunefellesskapet i KLP og anna tilbydar av stor tyding. Når ein då veit at KLP er eigd av over 345 kommunar, så er det eit godt og føreseieleg fellesskap. Annan pensjonsleverandør har sju kommunar/­fylkeskommune. Det seier seg sjølv at det blir eit usikkert fellesskap, som igjen vil bety usikker pris. Vil me dette? Skal me risikera å vera prøvekanin for ein pensjons­leverandør med lite erfaring på offentleg tenestepensjon, og eit svært lite fellesskap?

Når ein skal inn på pensjonsmarknaden er einaste mogelegheit, slike me ser det, å leggje seg lågt på pris/­anbodspris. Paradokset er at størsteparten av prisen berre er eit estimat/­anslag på kor mykje som trengst å setjast av til pensjons­sparinga i samsvar med tariffavtalen. Det er sparing til alderspensjon, AFP, regulering av pensjon osv. Dette er berre estimat som ikkje bind leverandørane. Det lågaste anslaget her er altså ikkje nødvendigvis det billegaste. Her blir det gitt eit anslag i anbodet. Dersom det er for høgt får kommunen pengane igjen, dersom det er for lågt må kommunen betala rekninga. Her har Storebrand alltid lagt seg lågt for å ha mogelegheit til å vinne eit anbod.

Fagforbundet Stord/Fitjar er oppteken av medlemmene og medlemmene sine rettar. Det er klart at ein skal få den pensjonen ein har krav på, det er tariff-festa. Kvar skal ein då spare pengar? Vil ein hente det ut i bufferfondet? Fagforbundet er heilt klar på at det er viktig med eit stort bufferfond i desse usikre økonomiske tider, og kommunen sin økonomiske situasjon. Ved å ha eit stort bufferfond vil ein kunne stabilisera avkastinga som går til premiefondet. Det er forskjellar i praktisering/­ambisjonar for bufferfond hos leverandørane. Ein konkurranse om lågast mogeleg bufferfond aukar risikoen for kommunen, og kan på sikt gje ein lågare avkasting på grunn av dårlegare evne til å tole svingingar og risiko som er i samfunnet. Dersom det er ynskjeleg å ha eit lågare bufferfond bør ein heller gå i dialog med KLP for å sjekke ut om det er mogeleg der.

Når ein skal avgjera å setja pensjonen ut på anbod er det viktige kriterium ein må ta stilling til. Her burde kommunestyret fått god opplæring før ein skal stemme på dette. Ein må ha kompetanse og kunnskap innan dette for å vite alle sider av saka.

Det er fleire kriterium i dette arbeidet, ein har pris men ein har og kvalitet/service. Når ein skal få rettleiing innan pensjon er det viktig at dei som skal gje oss det har den kompetansen me er avhengige av. Dei må og ha gode system­løysingar som er tilpassa dei som treng, god service til arbeidsgjevar og tilsette. Dette kriteriet er svært viktig for våre medlemmer.

Me ser det både lokalt, i fylket og nasjonalt. Fagforbundet si erfaring er at KLP er best på kvalitet og kompetanse når det gjeld rådgjeving i eit komplekst og vanskeleg regelverk. Dei har gode nettsider, god pensjons­kalkulator, og ikkje minst det mest kompetente fagmiljøet på offentleg tenestepensjon.

Når det gjeld kriteriet pris så har ein bindande premiar (det som bind tilbydar i anbodet) – det som ligg her går til drift, administrasjon og forvaltning. Det kjem fram ta på 3 mill. frå Stord kommune som ein brukar på administrasjon. Dette vart opplyst i Formannskapet tidleg i 2023.

KLP har vore leiande på avkasting på pensjonsmidlane gjennom dei 10 siste åra. Ein må og hugse at pengane ein har på konto hjå KLP er pengar ein skal bruke på pensjon i framtida. Avkastinga på pensjonsmidlane me har i dag veit ein har vore god. Dette er ein viktig del av økonomien i ei pensjonsordning. (Forholdet mellom buffer og risiko over fleire år.)

Ein må ikkje gløyme at ein må betale inn pengar uansett kva pensjons­leverandør ein vel, innbetaling av eigenkapital i KLP versus betaling av forteneste­element til ny leverandør. Kva er forskjellen? Noko må ein ut med uansett? Forskjellen er at i KLP er me medeigarar.

Dei fleste av dei tilsette som er råka av kommunen sitt forslag om konkurranse­utsetting av pensjon er organisert i Fagforbundet. Pensjonsrettane er dei same – fordi det følgjer av tariffavtalen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Me er likevel bekymra for at vesentlege forskjellar i kompetanse, kvalitet, kapasitet og system­løysingar ikkje blir synleggjort i ei evaluering og vil gå ut over medlemmene våre.

Me i Fagforbundet har erfaring frå fleire anbodsrundar både dei seinare år og før 2012 då både Vital og Storebrand var i denne marknaden. Når det vert samanlikna kva pensjonsordninga kostar så er det aller meste basert på estimat om framtida og nesten ingen av «prisane» som blir oppgjeve av tilbydarane er bindande eller faste prisar.

Ein kan lova mykje i anbod utan at det er i samsvar med dei faktiske leveransane. Når det gjeld økonomien så bør eit eventuelt anbod difor forhalda seg til kva som er garanterte størrelsar og ikkje vektleggje uforpliktande anslag som ikkje bind leverandørane.

Fordelinga mellom pris og kvalitet bør vere jamt fordelt, i tillegg bør priskriteria byggje på estimat som bind leverandørane.

Ein bind seg berre til det som går på administrasjon og forvalting – det andre er berre eit estimat som ein skriv, så kjem det faktura i etterkant som uansett er heilt andre tal enn i anbods­prosessen.

Det er skremmande når me ser til tala i Vestland fylkeskommune, dei viser ingen sparing av kapital, men heller store tap. Ynskjer me dette for Stord kommune? Vestland fylkeskommune har fått 79 millionar mindre i avkasting på pensjonsmidlane ved å la Storebrand forvalte midlane enn dei ville hatt med KLP. Storebrand prisar seg «billigare» på uforplikta priselement. Faktura kjem på slutten av året.

Eit anbod er ikkje forpliktande.

Til slutt:

Det er i praksis ingen gode argument for å skifta pensjons­leverandør. Stabiliteten og føresei­elegheit er større i KLP på grunn av eit mykje større fellesskap.

  • Fagforbundet ynskjer ikkje anbod på leveranse av kommunal tenestepensjon.

  • Fagforbundet meiner at forvaltning i eigen regi er best både økonomisk og kvalitetsmessig.

  • Fagforbundet vil at kommunen skal vera strategisk, langsiktig, aktiv og stabil eigar av KLP.