1. Stord kommune har no laga nytt planforslag til handsaming av E39 frå Heiane til Ådland. Merknader til planen skal leverast innen 1/9-2023.

2. Alt. 2, som no Stord kommune anbefaler er mykje betre tilpassa det svært verdifulle området i Landåsen, enn alt. 4. Likevel er det viktig å finna eit alternativ som tar endå meir omsyn til miljøet rundt ein framtidig europaveg. Det er det som vert kalla optimalisering. I og rundt dei fleste byområda i Norge er det i dag friområder som er heilt livsnødvendige for innbyggjarane i byane. Dette gjeld og Leirvik med omegn, Landåsen er eit heilt spesielt område med turløyper, dyreliv, fugleliv og ein spennande flora. Dette området må me prøva å bevara mest mogeleg.

3. Mine merknader har eg delt opp i delstrekningar for å få betre oversikt mht fordelar og ulemper. Eg tar alle utgreiingstema opp til vurdering slik at ein lettare kan samanlikna alt. 2 og alt. 4 mot det (dei) nye alternativa.

4. Trafikkmengda er eit viktig tema i denne prosessen. I dag er det om lag 17.000 Ådt mellom Heianekrysset og Vabakken. Etter at ein har fullbyrda Rogfast (under full bygging)/Bokn-Stord/Hordfast ein gong på 2030-talet vert denne trafikken om lag 25.000 Ådt, då med flest «ikkje-fossil»-køyretøy.

5. Men mykje av denne trafikken vil framleis gå på eks E39 som interntrafikk på Stord. Dermed er det viktig at me ikkje splittar trafikken i to store trafikkmaskiner langt frå kvarandre, med sine støyutfordringar på begge stadar. Får ein til ei løysing der ny og gammal E39 ligg nokså nære vil dette verta ein stor fordel for området. Svært god støyskjerming må til! Kravet om dimensjonering for 110 km/t står ved lag. (Slår lite ut for dim. 90 km/t på denne strekninga).

6. Fylgjande oppdeling i merknadsframlegget mitt er:

Alt. 4 (3,83 mrd)

Valvatnavågen-Heiane topl.kr (Meatj.)

E39 ligg langs industriområdet og mot eksisterande bustadområde. Burde kanskje trekt vegen lengre frå bustadområde. Svært store skjeringar i dette området. Kan redusera kostnaden noko.

Heiane topl.kr (Vabakken)

Frå eit enormt toplanskryss ved Heiane går linja midt gjennom «indrefileten» av Landåsen. Gjennom Skjephaugsv. + kort tunnel og veg i dagen gjennom resten av Landåsen til Studalen.

Vabakken - Ådlandsvatnet

Frå Studalen går E39 i tunnel under Lønningsåsen til Ådlandsv. Tunnellengda: 1.615 meter.

Ådlandsvatnet – Ådlandskr.

Frå tunnelen krysser ein Ådlandsv. Med fylling/bru og går inn i eit svært kostbart område med eks E39, turveg, strand og enorme fjellskjeringar for lokalveg/g-s veg. Svært kostbart!

Detaljkart 2 (skisse ved nytt toplanskryss mot Rommetveit/Leirvik). Foto: Bjørn Alsaker

Alt. 2 (3,44 mrd)

Valvatnavågen - Heiane topl.kr (Meatj.)

E39 ligg langs industriområdet og mot eksisterande bustadområde. Burde kanskje trekt vegen lengre frå bustadområde. Svært store skjeringar i dette området. Kan redusera kostnaden noko.

Heiane topl.kr (Vabakken)

Frå eit enormt toplanskryss ved Heiane går linja gjennom kanten av «indrefileten» i Landåsen. Gjennom Skjephaugsv. i sør + stor skjering der. Kløyver området ved Søre Tveita med fornminner og bru over Tveitavatnet i nordvestre del. Veg i dagen gjennom resten av Landåsen til Studalen.

Vabakken - Ådlandsvatnet

Frå Studalen går E39 i tunnel under Lønningsåsen til Ådlandsv. Tunnellengda: 1.400 meter.

Ådlandsvatnet – Ådlandskr.

Frå tunnelen krysser ein Ådlandsv. Med fylling/bru og går inn i eit svært kostbart område med eks E39, turveg, strand og enorme fjellskjeringar for lokalveg/g-s veg. Svært kostbart!

Alt. 7 (3,11 mrd)

Valvatnavågen - Heiane topl.kr (Meatj.)

E39 ligg langs industriområdet og mot eksisterande bustadområde. Burde kanskje trekt vegen lengre frå bustadområde. Svært store skjeringar i dette området. Kan redusera kostnaden noko.

Heiane topl.kr (Vabakken)

Ved Heiane kan vegen trekkast mykje lengre mot eks E39. Eit kraftig forenkla toplanskryss vil redusera inngrepet enormt. Vidare mot Skjepshaugsvatnet trekker ein ny E39 utanfor dette området og reduserer inngrepet i Skjepshaugen radikalt. Legg så eks E39 litt om ved Langeland. Ny E39 ligg då på eks E39. Dei to tuftene ved Tveita vert intakt. Vidare mot Vabakken legg ein E39 i søraustre kant av Tveitavatnet før ein går inn i ein litt lengre tunnel mot nord. Dermed vert «heile» Landåsen bevart!

Vabakken - Ådlandsvatnet

Frå Tveitavatnet/turvegen inn i Landåsen går E39 i tunnel under Lønningsåsen til Ådlandsv. Tunnellengda: 1.830 meter.

Ådlandsvatnet – Ådlandskr.

Der tunnelen kjem ut ved Ådlandsvatnet bygger ein bru over til det store fjellpartiet. Trekker ny E39 mot nord, lagar ny strand og tursti (idégruppe må på plass) og gir moglegheiter for enorme kostnadsinnsparingar i dette området. Enklare toplanskryss og mykje mindre arealer mht lokalveg/g-s veg mm.

Detaljkart 1(Skisse ved Trongaste v/Ådl.vatnet), bru/tunnel og ny strandlinje/turveg Foto: Bjørn Alsaker

Alt. 7C (2,79 mrd)

Valvatnavågen - Heiane topl.kr (Meatj.)

E39 ligg langs ind.området og mot eks bustadområde. Burde kanskje trekt vegen lengre frå bustadområde. Svært store skjeringer i dette området. Kan red. kostnaden noko.

Heiane topl.kr (Vabakken)

Likt som Alt.7. Vidare mot Vabakken legg ein E39 i søraustre kant av Tveitavatnet før ein går med veg i dagen til Studalen og ein litt kortare tunnel mot nord. Dermed vert nesten «heile» Landåsen bevart!

Vabakken - Ådlandsvatnet

Frå Studalen går E39 i tunnel under Lønningsåsen til Ådlandsv. Tunnellengda: 1.100 meter.

Ådlandsvatnet – Ådlandskr.

Der tunnelen kjem ut ved Ådlandsvatnet bygger ein bru over til det store fjellpartiet. Trekker ny E39 mot nord, lagar ny strand og tursti (idégruppe må på plass) og gir moglegheiter for enorme kostnadsinnsparingar i dette området. Enklare toplanskryss og mykje mindre arealer mht lokalveg/g-s veg mm.

Alt. 7A/C (2,69 mrd)

Valvatnavågen - Heiane topl.kr (Meatj.)

E39 ligg langs industriområdet og mot eksisterande bustadområde. Burde kanskje trekt vegen lengre frå bustadområde. Svært store skjeringar i dette området. Kan redusera kostnaden noko.

Heiane topl.kr (Vabakken)

Likt som Alt.7. Vidare mot Vabakken legg ein E39 i søraustre kant av Tveitavatnet før ein går med veg i dagen til Studalen og ein litt kortare tunnel mot nord. Dermed vert nesten «heile» Landåsen bevart!

Kartoversikt (O-kart frå Heiane – Ådlandsvatnet). Foto: Bjørn Alsaker

Vabakken - Ådlandsvatnet

Frå Studalen går E39 i tunnel under Lønningsåsen til Lønningdalen, før Ådlandsv. Tunnellengda: 1.100 meter. I stor fjellskjering vidare til ny bru over Ådlandsvatnet.

Ådlandsvatnet – Ådlandskr.

Der tunnelen kjem ut ved Løningdalen går vegen ned til Ådlandsvatnet, der bygger ein bru over til det store fjellpartiet. Trekker ny E39 mot nord, lagar ny strand og tursti (idégruppe må på plass) og gir moglegheiter for enorme kostnadsinnsparingar i dette området. Enklare toplanskryss og mykje mindre areal mht lokalveg/g-s veg mm.

Alt.7B med andre kombinasjonar

Foto: Bjørn Alsaker

Ut frå grunnlaget for oppsettet med vurderingar av ikkje-prissette konsekvensar er det som vart gjort av Rambøl/Cowi 2015/16/23. Dei endringane som no er gjort med justert Alt. 2 til Alt.7 med variasjoner er ikkje gjort av «fagfolk», kun tolkning av grunnlagskart frå Rambøl/Cowi. Har tatt med ei «nytenkning»: «Sundt bondevit».

Det viktigaste er fylgjande: Alt.7 med variantar

a) E39 er dimensjonert for ein framtidig motorveg av høg klasse, 110 km/t. Nesten ingen kryss (krav på min 5 km mellom kvar, tidl. 3 km).

b) Tilpassinga mot eks E39 langs Heiane til Vabakken er mykje lik alt .1 og tar mykje mindre arealer av friområda.

c) Skjephaugvatnet vert IKKJE berørt!

d) Tveitavatnet blir nesten IKKJE berørt!

e) Gamle tufter ved Tveita vil bestå!

f) Landåsen som friområde vert nesten IKKJE berørt!

Bjørn Alsaker Foto: Privat

g) Tunnellengda for alt. 4 og alt. 2 er i dag 1.615 meter og 1.400 meter. Alt.7 har forskjellige lengder: 900 meter til 1.810 meter.

h) Spesielt krysstypen/inngrepa i naturen ved Heiane og Ådland må forenklast kraftig! Viktig å få med g/s-veger.

i) Området ved Ådlandsvatnet/tursti m.m. bør spesielt arbeidast mykje med for å finna ei mykje betre og billigare løysing ved dei enorme fjellskjeringane mot toplanskrysset. Bru og ny tursti/badestrand m.m. må på plass. Idégruppe må på plass.

j) Reisetid mellom dagens veg og Alt.7 er frå 7,3 min til 3,7 min. Alt. 2 er fem sekund kortare!

k) Dei nye alternativa ligg mykje lettare og tilpassa terrenget og totalt kan ein nærast få massebalanse på prosjektet!

l) Det er store kostnadsinnsparinga å finna i dei nye alternativa: Opp mot 430 - 850 millionar kroner.