Svar på Gunnar Nysæter sitt lesarinnlegg: 1. mai-parolar og Midt-Austen.

1. mai er den internasjonale arbeidardagen, det er ein kampdag, men også ein dag for å gå i tog og bera parolar for fridom, demokrati og solidaritet med alle undertrykte i verda. I år ønskjer LO i Sunnhordland å bruka dagen til å setja fokus mellom anna på Israels krigføring og blokade av Gaza.

Difor skal me bera parolen Våpenkvile no - Stopp okkupasjonen - anerkjenn Palestina!

For oss i 1. mai-komiteen er det viktig å påpeika at det som skjedde 7. oktober ikkje må bli eit argument for å rettferdiggjera Israels svært brutale krig mot palestinarane i Gaza. Det er ikkje slik at ei ugjerning rettferdiggjer ei ny og endå meir alvorleg ugjerning.

Til no har 35.000 menneske vorte drepne i Gaza, 70 prosent av desse er kvinner og barn. Samstundes les og høyrer me daglege meldingar om at Israel hindrar hjelpesendingar i å komma inn i Gaza. Resultatet er alvorleg mangel på mat. Både FN og andre internasjonale hjelpe­organisasjonar melder difor om svolt, og at det kva tid som helst kan bryta ut ein menneskeskapt hungersnaud i Gaza. Hendingane dei siste vekene har ført oss til ein humanitær katastrofe, og verda kan ikkje lenger venta med å handla. Dette er det kollektive ansvaret vårt.

Det at Gunnar Nysæter seier at ein må diverre vera sterk i trua for å meina at våre parolar her heime skal kunna endra noko i Midt-Austen, er ei trist og passiv haldning. Det går føre seg eit folkemord, og det er helsepersonell og journalistar som er drepne av israelsk bombing. At Gunnar Nysæter ikkje er innom det som skjer i Gaza i lesarinnlegget er uforståeleg. Det er difor nærliggjande å tolka lesarinnlegget hans som eit forsvar for Israels uforholdsmessige krigshandlingar.

Det viktigaste no er umiddelbart å setja i verk tiltak for å sikra at ei våpenkvile trer i kraft. Det er vår einaste moglegheit til å hindra ytterlegare tap av sivile liv og ein humanitær katastrofe. Alt anna vil for alltid vera ein skamplett på det kollektive samvitet vårt.

LO i Sunnhordland gir den fulle støtta si og medkjensle til det palestinske folket.

LO i Sunnhordland tek òg avstand frå trakassering og truslar mot jødiske miljø i Noreg.