Statsminister Jonas Gahr Støre lovar fortgang i handsaminga av den nye abortlova. Men det skulle ikkje ha noko hast. Døden kjem tidsnok til oss alle.

I abortdebatten gjer nokon det til eit poeng at eit foster etter 18 veker nærmar seg «levedyktig alder», og at barnet må ha rettsvern dersom det har utvikla seg så langt at det kan overleva utanfor livmora.

Men dette er ein bisarr tenkjemåte. Skal eit barn som ikkje kan overleva utanfor livmora kunna avlivast i livmora? Kven i alle dagar har lært oss å tenkja slik? Her er det jo ikkje eit fnugg korkje av logikk eller omtanke.

For saka er jo den at dei aller, aller fleste barn er levedugande også i veke 12 berre dei får lov å vera der dei er, og ingen tuklar med dei og utset dei for overgrep. Då har dei det fint og kan gle seg til eit liv i sol og frisk luft om ikkje så brått.

Så dersom levedugleik er målet for når det er gale å utføra ein abort, ja, då blir det faktisk ingen abort.