I eit BBC-program om Det store romerske riket på NRK 9. april, vart årstalet 150 BC (før Kristus) omsett med 150 fvt (før vår tidsrekning).

Det er mange år sidan no at den intellektuelle eliten i Noreg for første gong stille og roleg byrja å fasa vår Herre Jesu Kristi fødsel ut av tidsrekninga vår, og først la eg merke til det i Store norske leksikon.

Av ein eller annan grunn skulle ikkje Kristus lenger ha noko ære for at me lever i 2024. Men me lever no i 2024 etter hans fødsel, og i år null var det ingen annan markant historisk hending som gav nokon som helst grunn til å tenkja at no er me komne til år null i noko som me har lyst å kalla «vår tidsrekning».

Men at Gud vart menneske, og Jesus Kristus vart fødd, det var stort nok. Men dette skal ikkje lenger markerast mellom dei intellektuelle. Dei er ikkje ærlege nok til å innrømma at «vår tidsrekning» faktisk starta med Kristi fødsel. Så ærlege burde dei vore, og NRK bør rett og slett omsetja BC med f. Kr. og ikkje med fvt.