Melding kl. 04:04:

«Grunna beredskapstur vert ruta innstilt frå start. Det vert tur frå Nordhuglo kl. 10.00, og ordinær rute frå og med avgang frå Hodnanes kl. 10.20. Mvh Fjord1 på vegner av Skyss».

Meldinga me som bur på Tysnes kjenner altfor godt til. Meldinga som gjer at alt av planar og fungerande kvardagsliv går rett ut vindauget. Meldinga som gjer at me ikkje når jobb, ikkje når avtalar på sjukehus, ikkje når flyet me skal rekka. At me ikkje får henta eller levert ungane våre når me skal, og at heile dagen vår uventa og plutseleg får ein bråstopp.

Er det ikkje beredskapstur om natta, er det gjerne beredskapstur på dagen – som også gjer at rutetidene blir endra på kort varsel. Og er det ikkje beredskapstur, er det gjerne mangel på ferjemannskap, eller rett og slett tekniske feil med ferja. Gjerne skal det transporterast noko farleg last i tillegg, då må ferja gå nærast tom for passasjerar.

Me kan ikkje stola på at ferja, som faktisk er vegen vår, tar oss dit me skal når me treng det. Det høyrest kanskje ikkje så alvorleg ut, men dette er faktisk utgangs­punktet for både busetnad og næringsliv langs kysten. Ein kan ikkje i 2024 ha ein pendlarveg der det er nærast tilfeldig om ein når skiftet sitt eller ikkje. Og ein kan ikkje i 2024 driva nærings­verksemd, om det er nærast tilfeldig om ein får tilsette, varer og tenester levert kl. 07.00 eller kl. 11.00.

Når fyrste ferje går 10.20 i staden for 06.00, mister me sju ferjeavgangar mellom Hodnanes og Jektevik. Og nesten fire og ein halv time. Viktig å poengtera at dette kjem i tillegg til at ferjene våre (vegen vår) allereie er stengt store delar av døgnet, ved at ferjene ligg til kai heile natta. Det vil seia at skal ein frå Tysnes til Stord for eksempel, og ferja er innstilt som den var no, er vegen vår stengt frå kl 22.10 kvelden i førevegen, til 10.20 dagen etter. Det er over 12 timar. Eg skulle likt å sett bergensarane, om deira hovudpulsåre inn og ut av byen var stengt støtt og stadig i 12 timar om gongen. Ein kan jo sjå tendensane denne veka, når Glaskar­tunnelen skal stengjast i periodar no i helga.

At ferjetilbodet vårt brått har blitt dårlegare dei siste månadane – det er heilt klart. Forhåpentlegvis vil nokon av innstillingane kunne unngåast framover, om ein kjem til ei kortsiktig eller meir langvarig ordning med tanke på kviletids­avgjerdene til ferjemannskap. Likevel vil aldri infrastrukturen vår bli tilfreds­stillande så lenge me er avhengig av ferjer. Tilbodet blir aldri godt nok så lenge ferja er vegen vår.

At Hordfast ikkje er med i NTP, er difor fullstendig hårreisande og eit alvorleg steg tilbake for Tysnes-samfunnet og heile kysten av Vestlandet. Det er eit steg tilbake for innbyggjarar, for besøkjande og for nærings­drivande. Me langs kysten treng vegen vår på lik linje med resten av landet. Me treng vegen vår kvar dag og me treng den heile døgnet. Tilbodet vårt vil aldri kunne bli godt nok om ikkje Hordfast kjem.