I dag ligg frikortgrensa på 70.000 kroner, noko som er altfor lågt. Frikortgrensa bør aukast til 250.000 kroner. Ved å auka frikortgrensa til 250.000 kroner vil sommarjobbar eller deltidsjobbar kunna vera skattefrie. Dette vil særleg vera til fordel for unge menneske som ønskjer å tena pengar og kanskje spara til eigen bustad eller til ein bil. Det er rettferdig at ein får behalda mest mogeleg av dei pengane ein har jobba for. Auka frikortgrense vil også gje folk meir økonomisk fridom, utan å måtta bekymra seg for skatt.

Fattigdomsgrensa er på ca. 250.000 kroner, så folk som tener under dette beløpet blir rekna som fattige. Norge bør følgja denne standarden og auka frikortgrensa til den. Det er feil at folk som blir rekna som fattige skal måtta betala skatt, då dei treng pengane til mat, husleige og varme. Særleg med den regjeringa vi har i dag, der Norge er blitt landet der ein betalar mest skatt.

Dette vil også vera til fordel for studentar som har deltidsjobb, sidan dei allereie må betala utgifter til leige og straum. Auka frikortgrensa vil føra til at studentar får ei enklare studietid, då dei vil ha meir pengar å rutta med.

Å auka frikortgrensa handlar ikkje berre om rettferd, men også om å gje folk meir økonomisk fridom, til å spara til sin første bustad for eksempel. Med denne endringa vil folk kunna behalda meir av sine eigne pengar og ha større økonomisk fridom.

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om folk sin økonomi, bør frikortgrensa aukast, ikkje skattane, og skattane skal kuttast.