Etter valet vart det eit nytt fleirtal i Stord kommune, med Framstegspartiet, Høgre, Krf og Venstre. Dei sette straks i gang prosess for å legga ned skular i kommunen. Sjølv om desse partia til saman hadde over 70 punkt i valprogramma sine om framtida for Stord-skulen, valte ingen av partia å informera veljarane om at det første dei kom til å gjera var å skapa frykt for skulenedlegging for born, foreldre og tilsette ved skulane.

Det er ikkje slik at alle avgjerder som skal takast i løpet av fire år i kommunestyret treng eller skal omtalast i valprogramma. Men skulane er så sentrale og viktige for bygdene våre at det er eit demokratisk problem når veljarane ikkje får teke stilling til nedlegging i val. At Høgre og Venstre ynskjer leggja ned skular kunne ein venta. Sist gong desse partia hamna i fleirtal, etter valet 2011, gjekk dei også då straks i gang med å føreslå nedlegging av Litlabø skule. Meir overraskande er det at Frp denne gong er med, i 2011 var det ifølgje Sigbjørn Framnes uaktuelt for Frp å støtta nedlegging av Litlabø skule.

I folkemøta som har vorte halde i krinsane har motstanden mot skulenedlegging kome klart fram med mange gode og velbegrunna innlegg frå innbyggjarane. I den grad partia som styrer Stord kommune lurte på kva folket meiner om saka, har dei no fått eit klart svar som bør lyttast til.

På same måte som i 2011, og også 2019, har Stord kommune trong økonomi. Trass i at gode overskot siste fire åra med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i styringa har sikra kommunen eit bufferfond på 135 millionar kroner. Det må gjerast grep for å sikra ei trygg økonomisk drift i kommunen, slik Senterpartiet var med på i 2011 og 2019. Det er likevel ikkje slik at nedlegging av skular bergar økonomien til kommunen. Dersom det nye fleirtalet i kommunen vel å leggja ned Litlabø skule allereie frå hausten av, kan dei klara å spara til saman noko over åtte millionar frå 2024 til 2027. Totalt budsjett for kommunen desse åra vil vera rundt åtte milliardar. Det vil seia at innsparinga utgjer i storleik ein promille av inntektene til kommunen neste fire år.

Sidan både Stord Høgre og Venstre lovar i partiprogramma sine å sikra utbygging ved Leirvik skule, må ein gå ut frå at det ikkje er aktuelt å legga ned den skulen. Uansett framstår investerings­kostnadene skissert i planen for å få plass til alle elevane frå Leirvik skule på Langeland og Hystad som svært låge, og må utgreiast langt grundigare før ein kan ta ei slik avgjersle.

Tala frå den nye skulebruks­planen spår nedgang i talet elevar fram mot 2033. Gjeldande skulebruksplan vedteken desember 2020 viste derimot oppgang i elevtalet. Ingen kan vita kva som er rett, dette talmaterialet er rett og slett ikkje sikkert nok til å ta større strukturelle grep.

Veljarane har ikkje fått teke stilling til saka, uvissa er stor og nedlegging av skular vil ha marginal effekt på drifts­budsjettet til kommunen. Stord Senterparti seier difor som det vart sagt på innspelsmøtet på Stord ungdomsskule: Me går for at ingen av skulane blir lagde ned.