Men når ein fekk tenkt seg om, så kunne dette også skapa nye mogelegheiter, og no tar tanken om eit oppvekstsenter i Øvrebygda til ta form. Etter forslag frå Høgre gjekk eit einstemmig kommunestyre den 14. mars inn for å be administrasjonen om å starta arbeidet med å greia ut eit oppveksttun ved Øvrebygda skule.

Eit oppvekstsenter er ei ordning der skule, SFO og barnehage er samlokalisert.

Dette vil styrkja skulen i Øvrebygda, sikra ein barnehage i krinsen og gje bygda nytt håp for framtida.

Fitjar Høgre synest tankane om eit oppveksttun er spanande og i tråd med planen for overgang barnehage — skule, «Frå eldst til yngst». Målet med denne planen er å bidra til eit godt samarbeid mellom skule og barnehage, slik at barnet sitt behov for tryggleik vert vareteke i overgangen mellom dei to. Når elevane startar i 1. klasse kjenner dei miljøet og har allereie møtt lærarar og elevar.

For skulen er det viktig å kjenna til borna som skal starta i første klasse. Tidleg innsats er eit omgrep ein nyttar når barn treng eit ekstra puff for å koma i gang med læringa. Kjenner ein til borna før dei kjem inn i skulen, kan ein koma raskare i gang med dette. Dei som vil profittera aller mest på ei samlokalisering er dei borna som treng mest oppfølging.

Ei samlokalisering vil også gagna foreldre som har barn både i barnehage og dei yngste klassane på skulen, ved at ein har ein stad å levera og henta.

Det vert spanande å sjå korleis ei slikt samlokalisering vil prega innhaldet i barnehage og skule. Me veit allereie at planen er å laga ein friluftsbarnehage. Vil dette på noko vis påverka skulen og SFO? Kanskje barnehage og skule får felles aktivitetar? Kan ein ha sambruk av delar av arealet, der begge kan bruka t.d. formingsrom, gymsal og kjøken? Kan ein sjå for seg ein meir fleksibel bruk av personale og vikarar?

Men før ein kan starta opp eit slikt oppveksttun må det planleggjast og byggjast. Delar av dagens skule må rivast og erstattast av nytt. Involverte partar må seia noko om kva ein treng.

I same opprustinga må ein gjera noko med arbeidsrom og pauserom for personalet. Dette er noko som har vore spelt inn i budsjettprosessen gjennom mange år.

I planprosessen må ein ta stilling til kva aldersgruppe ein tenkjer seg at oppveksttunet skal ha og kor mange barn det skal vera plass til i barnehagen. Det vil bli lagt til rette for ein medverknadsprosess der skule, barnehage og innbyggjarar skal takast med på råd og der ein får vera med og gje sine innspel. Dette vil bli gjennomført før sommaren.

Vårt mål er å planleggja og realisera eit oppveksttun i Øvrebygda, som skal gje våre barn eit godt grunnlag for ein god oppvekst.