Kommentator Hans Mjelva i BT ironiserer over og gjer narr av den uroa bilistar og togreisande kjenner på når dei reiser strekninga Arna – Voss. Ingen liv har gått tapt, skriv han. Dødsulukkene skuldast uvettig køyring, meiner han å vita. Forteljingane frå bilistar som så vidt har berga seg unna ras, nemner han ikkje. Mjelva skriv og at mange bergensarar prioriterer Arna - Voss fordi dei skal raskt fram til hyttene sine. Odd Naustdal og Sigbjørn Framnes følgjer opp hytteargumentet, og Naustdal ynskjer bergensarane god tur til hytta.

Det minner meg om reaksjonane frå nokre i Sunnhordland og på Stord då Hardanger­brua var bygd. Då var og kommentarane frå somme at bergensarane støtta brua fordi dei ville raskast mogeleg til hyttene sine på Hardangervidda og austover. Debatten om samferdsel på Vestlandet vert altså ein debatt om kortast veg til hytta. Det er ille, svært ille. Det er respektlaust. Det er fordummande.

Korkje Mjelva, Naustdal eller Framnes nemner hyttene på Tysnes, mange eigd av bergensarar. Det finst sikkert hytteeigarar på Tysnes som er tilhengarar av Bjørnefjord-prosjektet, men det kunne ikkje falla meg inn å antyda at dei er det fordi dei vil fortast mogeleg fram til hyttene sine. Eg trur folk flest, også hytteeigarar på Voss og Tysnes, har eit vidare samfunnssyn enn som så. Men for Mjelva, Naustdal og Framnes er det fritt fram å slenga rundt seg med påstandar om motiva folk har for standpunkta sine.

Elles florerer det med uttrykk som vantru, skandale, utruleg, ubegripeleg, uansvarleg, svik mot Vestlandet, uhaldbart osv. Framnes spår til og med katastrofe for Stord og Sunnhordland. Katastrofe, Framnes, er det som skjer i Ukraina, i Sudan og i Gaza. Vi snakkar om eit samferdsels­prosjekt i Norge.

Det bidrar heller ikkje til å heva nivået på debatten når somme skriv at motstanden mot Bjørnefjordbrua, firefelts veg med 110 km/t over Stord og Tysnes skuldast manglande kunnskap om prosjektet.

Elles er det trasig stadig å lesa denne primitive Oslo- og austlandsfobien fleire av debattantane legg for dagen. Eg trur ikkje det tener saka deira.

Men det finst alternative røyster, også blant kommentariatet i BT.

Gerd Margrete Tjeldflåt skriv i BT 23. mars at Vestlandet denne gongen kjem svært godt ut av Nasjonal transportplan. For dei mest skuffa og frustrerte sunnhord­lendingane og rogalendingane vil eg anbefala lesing av Morten Myksvold, ein eg sjeldan er einig med, sin kommentar i BT 4. april.