Som fagbevegelsens humanitære solidaritetsorganisasjon er Norsk Folkehjelp opptekne av at alle skal ha eit trygt og godt arbeidsliv, fritt for rasisme og diskriminering. Me oppfordrar alle til å stå opp mot rasisme i arbeidslivet.

Dei siste åra har me fått meir kunnskap om omfanget av rasisme. Rapportar frå blant anna Antirasistisk Senter & Wasvik, M. (2017). «Vi vil ikke leke med deg fordi du er brun - En undersøking om opplevd rasisme blant ungdom», og Unicef. (2022). «U-report Norge: Hva mener barn og unge om rasisme?» viser at svært mange barn og unge opplever rasisme, og heile 68 prosent av respondentane svarar at dei som har blitt utsette for rasisme ikkje fekk hjelp då det skjedde. Me ser også at svært mange blir utsette for grov hets og hatprat på internett. Tal frå Sør-Aust politidistrikt (2024) «Kriminalitet og utviklingstrekk 2023» viser ein auke i hatkriminalitet. Med all denne kunnskapen er det tid for handling.

Omfattande forsking viser at rasisme førekjem i dei fleste stader i samfunnet; i arbeidsliv, utdanning og uteliv. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er i overkant av 70 prosent av alle som bur i Norge i arbeid og dei fleste brukar ein stor del av livet på jobben. Me synest det er opprørande å stadig høyre om arbeidstakarar som blir behandla ulikt på grunn av namnet deira, tru, etnisitet eller hudfarge.

Maria Abdallah i Norsk folkehjelp i fakkeltog mot krigen i Gaza i desember i fjor. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Rasisme og diskriminering er ein vanskeleg tematikk og den kan ta mange ulike former. Nokre gonger er det inga tvil, men ofte kan den vere meir skjult. Eit eksempel er rapporten «Jeg er for mangfald, men …», OsloMet 2023, som viste at muslimar opplever diskriminering og motstand i arbeidslivet, også stader kor leiarar er positive til mangfald. Etter at ein mann opplevde å ikkje bli prioritert i lønsforhandlingar involverte han tillitsvalt på arbeidsplassen. Då kom det fram at personalleiaren faktisk ikkje kunne svare den tillitsvalde på kvifor løna til mannen låg nesten 200.000 kroner under resten av kollegaene hans.  Andre i undersøkinga opplevde det som normalt å få ubehagelege kommentarar om sin bakgrunn og kulturelle tradisjonar.

Å stå åleine i ein slik situasjon kan leie til ei kjensle av avmakt og utanforskap. Partane i arbeidslivet må vere i stand til å førebyggje og gjenkjenne rasisme. Det krev systematisk kompetanseheving. Like viktig er det å sikre eit system for å ta imot og behandle saker som omhandlar rasisme. Me er glade for at dette er ein av hovudprioriteringane i regjeringa sin nye handlingsplan mot rasisme og diskriminering.

I anledning FN-dagen mot rasisme 21. mars, oppfordrar me i Norsk Folkehjelp Sunnhordland til handling frå både Stord og våre nabokommunar! Me som sivilsamfunn må handle, ved å bidra til å byggje ned fordommar og stereotypiar. Norsk Folkehjelp Sunnhordland trur på eit samfunn kor alle har like mogelegheiter og rettigheiter. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Ta initiativ til å overvinne rasisme og diskriminering på din arbeidsplass! Spør etter handlingsplanar og opplæring, spør korleis bedrifta behandlar saker som omhandlar rasisme og om det er tilstrekkeleg kompetanse om rasisme hos dei som behandlar desse sakene.

Eit samla kommunestyre har lova ein handlingsplan mot rasisme i Stord kommune. Den er endå ikkje på plass. Me treng ein handlingsplan mot rasisme i vår kommune no. Denne skal ikkje berre førebyggje rasisme og diskrimering, men også verne og vareta dei som blir utsette for dette. Me veit det finst rasisme i Norge, me veit det finst rasisme i vår kommune. Det er på særdeles høg tid at våre lokale folkevalde tar grep.