Ho låg alltid der, på salongbordet i barndomsheimen. Eg fann tidleg ut at eg skulle bli journalist, og vera ein av dei som skreiv i avisa, saman med Jarle Kaldråstøyl, Atle Hansen, Steinar Hystad og dei andre ringrevane.

Mot slutten av tenåra gav dåverande redaktør Lars Mæland meg grønt lys til å innta spaltene som ung frilansjournalist i helgar. Eg elska å skriva artiklar frå lokalmiljøet. Var det jobbing på søndagskvelden drog eg innom fotobutikken nede i gata og leverte frå meg kamerarullen, før eg tok til med skrivinga. Mørkerommet i bladstova var gjerne stengt i helgane. Det skulle enno ta ei stund før Sunnhordland hadde digitalt kamerautstyr.

I dag er eg konstituert redaktør og han som skal redusera talet frå tre til to utgåver på salongbordet i veka. Frå tysdag, onsdag og fredag til tysdag og fredag. Dette tek eg ikkje lett på i det heile. Eg veit at papiravisa betyr like mykje for mange i dag som det har gjort for meg gjennom åra. Vit at me ikkje gjer dette for å leggja ned papiravisa. Me gjer det for at ho skal få leva vidare ei stund til.

Det har skjedd enormt mykje i mediebransjen sidan eg var tenåring. Før publiserte me nyhende éin gong om dagen. No publiserer me nyhende frå tidleg morgon til seint på kvelden. Måten lesarane konsumerer nyhendet på har endra seg. Over halvparten av dykk er no heildigitale abonnentar som les alt innhaldet på mobilen. Berre i 2023 fekk Sunnhordland ein solid vekst i digitale abonnentar. Produktet vårt er ikkje avispapir, det er journalistikk, debatt og forteljingar frå heile regionen. Det er lyd og bilete, digitale illustrasjonar, robotar som leverer artiklar om bustadsal, bedriftsrekneskap og fotballresultat. Det er helsingar, dødsannonsar, nettkamera og pushvarsel. Det er først og fremst siste nytt frå staden der du bur.

Medan auken i digitale lesarar held fram, går talet på papirlesarar diverre ned. Samstundes kostar det meir å produsera, trykka og distribuera papiraviser. Me må difor rigga oss der framtida ligg – digitalt.

Det blir mindre papir, men avisa skal ut også framover. Eg er overtydd om at avisene tysdagar og fredagar blir fylt med suveren journalistikk med ein god miks av det viktigaste, og mindre viktige, som skjer rundt oss. Årsaka til den optimismen ligg i det solide laget som står på dagleg for å sjå makta i korta og utøva samfunnsansvaret me har som ein fri redaksjon. Me skal halda fram med det, og så skal me også visa andre sider av samfunnet – om oppturar og nedturar, om nyetableringar og konkursar, om politiske prioriteringar som går direkte ut over innbyggjarar, og om trivielle saker som inspirerer og spreier glede. Dette får du på mobil og nett dagleg. I papiravisa blir innhaldet fint presentert to gonger i veka.

Den store ulempa er at endringa går ut over dei mest lojale abonnentane våre. Helst skulle det vore papiraviser dagleg, men den tida har segla frå oss. Om me skal ha ei berekraftig lokalavis dei kommande åra, lyt me justera undervegs og tilpassa oss dagens digitale medievanar.

Om det freistar så prøv gjerne ut dei digitale produkta våre. Me vil hjelpa deg med pålogging og bruk. Om du heller vil halda deg til papiravisa som før, vit då at me gjer vårt aller beste for at avisene du hentar i postkassen din skal vera av topp kvalitet.