I desse dagar har administrasjonen i Stord kommune ny skulebruksplan ute på høyring. Gjeldande skulebruksplan skal i utgangspunktet vare til 2027. Då ynskjer eg å stille spørsmålet, kvifor ser me på ny plan allereie i år 2024?

I innspelsmøte har administrasjonen lagt fram bakteppet for denne rulleringa av kommuneplan. Låg fødselsrate, auka levealder og fleire pensjonistar har medført eit skifte i ressursbruk. Etterslep av vedlikehald på skular og nybygg har ikkje komme langt nok og vår kommune­administrasjon har ein utakknemlig jobb med å få utgiftene til å samsvare med inntektene. Det vil alltid vere enklare for oss andre å komme med problem heller ein løysingar. All ære for at dei prøver, sjølv om dei veit at dette blir upopulært.

Stord treng ikkje ein ny skulebruksplan i år. Dersom me til ei kvar tid skal kunne endre på tidshorisonten på politiske vedtak, så vil me som innbyggjarar miste all føreseielegheit. Frå 2000 og til dags dato har det vore prioritert med fortetting i sentrum, lage eit levande sentrum og syte for eit sentrum ein vil oppsøke og samlast er nedskriven både i kommunens arealplan og sentrumsplanen. Nedlegging av Leirvik skule strir direkte mot fleire tidlegare vedtekne planar!

I innspelsmøte vart det framheva at ein har borna i fokus i denne planen, og at ein vil bornas beste. Realitetene er vel heller at ein må få budsjetta til å gå opp i ei tøff økonomisk tid. Ein slik prossess kan ikkje pressast gjennom raskt. Ein kan fort ende opp med å bruke ein tiar for å spare ei krone.

Denne prosessen går altfor raskt og med for dårleg grunnlag i reknearket! Å budsjettere med overskot om 10 år før ein har sett på kostnad på nye skular, er i beste fall blåaugd og naivt. Basketbanen på Langeland er enno ikkje bygd, då innhenta prisar oversteig kommunen sitt budsjett med 30 millionar. Er budsjetta i reknestykket som skal definere barndommen til alle unge på Stord meir korrekte?

Vent med rullering av skulebruksplanen til den forrige har vart i si tilmålte tid. Då vil me ha eit nytt kommuneval på trappene, og innbyggjarane vil kunne påverke gjennom val slik demokratiet legg opp til.

Ein kan også nytte tida fram til 2027/28 på ei skikkeleg utgreiing og analyse for å kunne fatte opplyste vedtak.