Det er altfor høge drivstoffavgifter og vegavgifter i Norge i dag. Og mykje av det er takka vera den handlingslause regjeringa me har, som ikkje har tatt nokon grep for å fiksa dette, i alle fall ikkje for oss i distriktet. Det at ein blir straffa økonomisk for å vera avhengig av bilen sin for å komma seg til jobb er gale og urettferdig.

Det er heller ikkje sånn at alle kan ta bussen til jobb. Det går ikkje, fordi busstilbodet er ikkje bra nok. Mange av dei som skal på jobb skal sikkert køyra barn i barnehagen eller på skulen, og då går det ikkje an å ta bussen, og då må dei bruka bilen.

Det som burde gjerast er å kutta i avgiftene og fjerna bomstasjonar. Dette vil føra til meir økonomisk fridom til enkeltmennesket slik som FpU vil. Det er faktisk ikkje rettferdig at ein skal bli straffa økonomisk for å vera avhengig av bilen for å komma seg rundt om.

Me bur i verdas rikaste land. Det bør gjerast tiltak for å redusera drivstoffprisane, det bør kuttast i vegavgiftene, for at det skal bli billegare for folk flest. Vanlege folk har blitt flådd nok.