FRIARENA: – Idretten kan spele ei avgjerande rolle i ein kaotisk oppvekst, skriv Bjarte Epland (biletet) og Randi Hagen Eriksrud i lesarbrevet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Idretten kan utgjere den store forskjellen

I år har barn og unge hatt færre møteplassar og meistringsarenaer. Skulen har vore stengd, fotballtreninga avlyst og handballhallen låst. Derfor er barne- og ungdomsidretten viktigare enn nokon gong i haust.

Etter veker og månader med koronanedstenging kan unge idrettsutøvarar igjen møtast til trening og kamp. Det er viktig for alle barn og unge som har sakna friarenaen sin, men særleg for dei som har hatt det vanskeleg heime. For det er ikkje enkelt at svømmetreninga blir avlyst når det er den einaste staden du slepp å tenkje på at mamma drikk. Og det er ikkje enkelt med månader utan å få treffe trenaren når han eller ho er den einaste vaksenpersonen du stoler på, og som du kanskje, ein dag, skal tore å fortelje hemmelegheita om det vonde og vanskelege som skjer heime.

Idretten kan spele ei avgjerande rolle i ein kaotisk oppvekst, det har fleire fortalt oss. For barn og unge som veks opp i ein heim som er prega av alkoholbruken til foreldra, kan idretten rett og slett utgjere den store forskjellen.

Det kan vere i idretten at dei endeleg blir sett av ein trygg vaksen. Det kan vere der dei får fri frå tunge tankar og eit altfor stort ansvar heime. Og idretten kan vere éin av få stader der dei opplever at nokon heiar på dei.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at så mange som 90 000 barn i Noreg har ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje. Vi veit at dei fleste barn og unge er innom idretten i oppveksten. Det vil seie at det mest sannsynleg er barn og unge i alle idrettslag som har ekstra behov for ein trygg arena å vere på.

Det er ikkje alltid lett å sjå kven det gjeld. Og etter kvart som barn blir til ungdommar, kan det bli endå vanskelegare å komme tett innpå dei. Det er kanskje lett å tru at ungdommar er meir sjølvstendige og mindre sårbare enn dei eigentleg er. Men det å vekse opp i ein heim der mamma eller pappa drikk for mykje, gjer vondt same kor gammal du er.

Barn og ungdommar treng støttespelarar som viser at dei bryr seg. Og det er ikkje alltid så mykje som skal til: Å bli møtt av eit smil og eit spørsmål om korleis det går. Å få tilbod om skyss til neste kamp. Å få ein klapp på skuldra, sjølv om det ikkje blei ny rekord denne gongen heller.

Av og til kan det at du er tilgjengeleg og viser interesse, vere nok til at ungdommane veit at du er ein vaksen som bryr deg. At du er ein vaksen som dei kan snakke med, og som er villig til å lytte. Trenarar, foreldre, frivillige – barne- og ungdomsidretten er full av viktige støttespelarar. Takk til deg som stiller opp!

Av Bjarte Epland, Av-og-til-koordinator i Stord kommune og Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til