Julekos: – Vi må tore å sjå korleis julekosen vår ser ut med barneauge. For det er vel ingen av oss som ønskjer at den flytande julekosen vår skal bli til dårlege ferieminne for barna? skriv Randi Hagen Eriksrud. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Ikkje la alkohol øydeleggje julekosen for barna

For oss vaksne inneber julekos gjerne at vi unner oss eit glas eller to ekstra. Det kan gå utover barna.

No i desember er det mange høve til å kose seg litt ekstra. Julebord med jobben. Førjulstreff med venner. Ein omtenksam kjærast som har laga adventskalender med juleøl. Så kjem juleferien, med julaftan og nyttårsaftan som dei store høgdepunkta. For ikkje å snakke om romjulsfestane med familien. Ein kan jo ikkje takke nei når tante Karen byr på edle dropar! Jula er kjend som barnas høgtid, men det skortar jammen ikkje på julekosen for oss vaksne heller.

Og sjølvsagt skal vi kose oss og feire julehøgtida. Jula er spesiell for alle – for mange vaksne òg. Men dersom du skal feire saman med barn, kan det vere lurt å tenkje gjennom eit par ting først, slik at det ikkje endar opp med at alkoholen tek overhand.

Les også
Trygg Trafikk åtvarar mot køyring i bakrus i julestria

Her er fem råd om alkohol til deg som skal feire jul saman med barn, anten det er dine eigne eller andre sine:

1. Bruk alkovett. Tenk gjennom på førehand om du skal drikke, og når du skal stoppe, når det er barn til stades. Dersom du vel å nyte alkohol, bør du drikke rikeleg med vatn i tillegg.

2. Hugs at barn trivst best når vi vaksne oppfører oss som normalt. Når vi drikk alkohol, endrar vi oss – ofte utan at vi merkar det sjølve. Det kan vere både skremmande og utriveleg for barn.

3. Snakk med dei andre vaksne som skal vere med på feiringa. Kor mykje alkohol er det greitt å drikke på ein fest der det er barn til stades? Det kan vere lurt at minst éin vaksen er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko.

4. Gjer alkohol til eit «ufarleg» og naturleg tema for barna å snakke om. Spør gjerne kva dei tenkjer om at dei vaksne drikk eit glas vin eller to. Då er det viktig at du lyttar til det dei har på hjartet, og tek dei på alvor.

5. Dersom festen likevel endar opp med å bli svært fuktig, har du som vaksen ansvar for å skjerme barnet. Ta barnet ut av situasjonen. Reis heim dersom de er på besøk.

Foreldre og andre vaksne som feirar jul saman med barn, har eit ansvar for at barna har det trygt og godt. Vi må tore å sjå korleis julekosen vår ser ut med barneauge. For det er vel ingen av oss som ønskjer at den flytande julekosen vår skal bli til dårlege ferieminne for barna?

Artikkelen held fram under annonsen.

Randi Hagen Eriksrud