Furuly: – Kjære kommunestyre, tenk dykk godt om før de tek ei avgjersle i denne saka, skriv tilsette i Furuly barnehage i dette lesarinnlegget. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ikkje legg ned det kommunale barnehagetilbodet!

Det skremmer oss at politikarane ikkje tenkjer langsiktig når det gjeld barnehageplassar og kommuneøkonomien.

Utval for oppvekst og kultur har i si innstilling til kommunestyret stemt for å leggja ned Furuly barnehage frå august 2020. Dette verkar for oss som brannsløkking og lite gjennomtenkt.

Dersom Furuly barnehage sine 46 plassar vert lagt ned, byggjer ein ned heile det kommunale barnehagetilbodet i Stord kommune. Kommunen mistar då høve til å ha ei fleksibel drift der dei kan auka talet på plassar ved behov. Dei 46 plassane må på eit tidspunkt erstattast.

Furuly barnehage held til i eit bygg som er bygd for barnehagedrift. Uteområdet er både unikt og variert. Kommunen har dei siste åra brukt store summar på å oppgradera barnehagen, noko me har tolka som at Furuly barnehage skal vera rusta for framtida.

Det er eit generasjonsskifte på Ådland no, der småbarnsfamiliar kjøper eldre hus og etablerer seg. Det er i tillegg utbyggingsauke i området. Det er naturleg å tenkja at småbarnsfamiliane har valt Ådland mellom anna på grunn av plasseringa til Furuly barnehage. På grunn av denne veksten vil det på kort sikt vera behov for alle barnehageplassane som i dag er i Nordbygdo. Ved å leggja ned Furuly barnehage, gjev ikkje politikarane foreldre i området høve til å velja mellom kommunal eller privat barnehage.

Me veit at storleiken på barnehagen er viktig for mange foreldre. Furuly barnehage er ein liten barnehage med tre avdelingar der «alle kjenner alle». Kvar bydel treng eit mangfald av barnehagar, både med tanke på eigarform og storleik. Det vil ikkje Nordbygdo ha om politikarane vel å leggja ned Furuly barnehage.

Kjære kommunestyre, tenk dykk godt om før de tek ei avgjersle i denne saka. Den vil få store konsekvensar for ei stor gruppe innbyggjarar, nemleg borna i barnehagen, familiane deira og dei tilsette. På lengre sikt er det kommunen sjølv som må takla utfordringane nedlegginga vil føra med seg.

Helsing tilsette i Furuly barnehage

#Furulyforever