VIKTIG TILTAK: Maris, Heimtun og Kirkens Bymisjon er viktige for ei stor gruppe menneske som fell mellom mange stolar i samfunnet vårt, skriv artikkelforfattarane. Her ser me Maris-leiar Kenneth Stenbråten og Olav Kongsvik frå ein tidlegare reportasje. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ikkje reduser tilbodet til dei rusavhengige

Ope brev til Stord-politikarane, ved ordførar Gaute Epland

Me vil på det sterkaste oppmoda politikarane i Stord til å satsa vidare på Maris, Heimtun og Kirkens Bymisjon sine tiltak for rusavhengige og andre med samansette problem.

Alle desse tre tiltaka er viktige for ei stor gruppe menneske som fell mellom mange stolar i samfunnet vårt.

Maris tek dagleg imot ca. 30-60 brukarar som har til dels svært alvorlege problem.

Det å ha ein plass der ein vert møtt på ein god måte, det sosiale, få hjelp til sårstell, kontrollert medisinering gjennom LAR, hjelp til å takla akutte livskriser mm, er heilt avgjerande.

Det er menneske som er råka av ein sjukdom som er veldig vanskeleg å takla heilt åleine eller saman med nære pårørande.

Konsekvensane dersom tilboda fell bort og ansvar pulverisert, veit me. Fleire må då "klara seg sjølv". Det vil sei å vera meir ute i gatemiljøet, på haldeplassar, venterom og liknande.

Bortfall av tilsyn, rettleiing og medisinsk hjelp fører til meir liding, fleire overdosedødsfall og endå større påkjenningar for den som er råka av sjukdomen og familien hans/hennar.

Dette er ei gruppe som verkeleg har opplevd mykje vondt og vanskeleg, gjennom dagar og netter.

Dagens tilbod er eit minimum og må heller styrkjast om ein skal endra noko. Ein reduksjon i tilbodet kjennest hjarteskjerande og må unngåast.

De som er valde politikarar må stå saman (uavhengig av parti og koalisjon) og syta for eit tilbod som de kan stå inne for.

Pårørandegruppa for rus og psykiatri i Stord

Eva Kristin Airlie

Bente Hystad

Johannes Slettebø