STÅR KLAR: Rådmannen foreslår å ikkje ta i bruk fem nye sjukeheimsplassar før i mai i sitt forslag til budsjett. ARKIVFOTO: STEINAR HYSTAD

Ikkje vent med sjukeheimsplassar

Norsk sjukepleiarforbund reagerer på line med Fagforbundet på budsjettforslaget om å vente med å opne dei nye sjukeheimsplassane i kommunen til mai 2021.

Det er no mange slitne pårørande i heimane som tek vare på sine næraste, på grunn av at mangelen på sjukeheimsplassar er så stor.

Heimebaserte tenester er for tida under eit stort press, sidan me slit med å få tak i høgst naudsynt kompetanse, og sidan mange av brukarane som bur heime har eit omfattande hjelpebehov og komplekst sjukdomsbilete. Mange treng hjelp fleire gonger dagleg, og dette krev mykje tid og ressursar frå tenesta.

Dei tilsette kjenner også på eit stort press sidan arbeidsmengda har vore høg over lang tid, og talet på brukarar aukar heile tida. Det er vanskeleg å få tak i god kompetanse og fleire sluttar grunna stor arbeidsmengde og stort press over lengre tid. Det er eit stort behov for at sjukeheimsplassane blir opna så fort som mogleg, slik at presset blir redusert - både for dei pårørande og ansatte.

Det vil også vera heit feil prioritering å ta ressursar frå heimebaserte tenester for å drifta sjukeheimsplassane, for der er ressursane allereie for knappe.

Dei tilsette i heimesjukepleia gjer ein formidabel jobb i kommunen vår, men presset er no så stort at me ber politikarane prioritera friske midlar for opning av nye sjukeheimsplassar snarast.

Renate Matre, plasstillitsvald, Norsk sjukepleiarforbund

Hanne Margrethe Haugland, hovudtillitsvald, Norsk sjukepleiarforbund