ENGASJEMENT: «Demokrati er faktisk inga sjølvfølgje», skriv Alexander Papas som oppmodar alle om å røysta ved valet. Foto: Privat

Ikkje ver likegyldig - ta valet!

Det er, som dei aller fleste er klare over, valår. Måndag 13. september skal folk over det ganske land gå til urnene, om ikkje dei allereie har vore å tidlegrøysta eller førehandsrøysta. Samstundes skal ein heil del ikkje røysta. Ja, i Noreg meiner nemleg mange at lite står på spel, at eit val ikkje utgjer nokon forskjell og at det er det same uansett kven som styrer. Ved Stortingsvalet i 2017, var det rundt 20 % som ikkje brukte røysteretten sin. Eg tykkjer det er trist, og meiner at alle bør bruka røysteretten sin. Kvifor?

Politikk handlar om kva for eit samfunn me til ei kvar tid lever eller skal leva i. Sjølv om politikk kan verka keisamt, forvirrande eller uoversiktleg for nokon, påverkar det liva til kvar og ein av oss. Avgjerslene som politikarane på Stortinget tek, har i større eller mindre grad direkte påverknad på kvardagen vår. Kva for eit tilbod barn og unge får i barnehagar og skular, kven som skal behandla deg om du blir sjuk, kven som skal stilla opp viss du blir arbeidsledig og korleis våre eldre skal ha det på sjukeheimen – og ikkje minst kvaliteten på alle desse tenestene, er saker som ligg på borda til dei folkevalde i landet vårt. Å ta eit politisk val er faktisk det same som å velja kva for ein kvardag du, familien din og vennane dine skal ha no - og i dei kommande åra.

Samstundes seier alle partia rettnok at dei vil skapa eit best mogleg samfunn for alle. Difor handlar politikk også om verdiar. For sjølv om dei fleste partia har det same målet – å skapa eit best mogleg samfunn – har dei ulike prioriteringar, løysingar og verkemiddel. Desse prioriteringane handlar ofte om verdiar. Korleis skal godane fordelast? Kva for eit skattenivå skal me ha i landet, og kven skal betala mest? Kva for klimatiltak skal me satsa på, og i kor stort omfang og tempo skal dei setjast i verk? Korleis skal me skapa fleire grøne arbeidsplassar? Korleis skal Noreg stilla seg til internasjonale flyktningkriser – og kor mange flyktningar skal me ta imot? Kva for ein posisjon skal landet vårt ta internasjonalt? Alle desse spørsmåla og utfordringane, har partia svært ulike svar og løysingar på. Partia har òg forskjellige meiningar om kva utfordringar som er størst nett no. Å røysta handlar såleis ikkje berre om ei einskildsak, men om dei lange linjene og verdiane som Noreg skal styrast etter framover.

Dei aller fleste har det stort sett godt i Noreg, noko som gjer det lett å bli likegyldig og ta demokratiet for gjeve. Likegyldigheita er på mange måtar den største fienden vår. I politiske samanhengar får likegyldigheita oss til å gløyma at velferdssystemet vårt, arbeidsplassane våre og den internasjonale posisjonen vår, ikkje er noko som har komme av seg sjølve. Politikarar med ulike visjonar har over tid forma landet vårt, og desse politikarane har blitt valde av folket – av meg og deg. Demokrati er faktisk inga sjølvfølgje, og i mange land kjempar framleis menneske med livet som innsats for den demokratiske retten til å arrangera frie val med røysterett for folk flest.

Tenk difor over kva saker som er viktigast for deg, og finn ut kva for eit parti som gjev deg løysingar som du har trua på! Med det oppmodar eg alle med røysterett til å ta stilling denne hausten. Ikkje ver likegyldig – ta valet!

Godt val, alle saman!

Alexander Papas