Inga hjelp å få

Eg har i mange år vore på Nav-kontoret kvart nyttår, for å få hjelp til å setja opp skatteprosenten nokre prosent. Men sist nyttår vart det ikkje gjort. Så eg gjekk bort til Nav for å få hjelp til å setja prosenten opp resten av året. Men nei takk dei kunne ikkje hjelpa lenger, så eg måtte snakka med Skatteetaten. Eg ringte til etaten for å få hjelp, men nei det hadde dei ikkje lov til. Det måtte Nav gjera. Forstå det dei som vil, eg forstår det i alle fall ikkje.

Kåre Midttun, ein eldre skuffa mann